Arne Kaupang () er ein norsk grafisk designar, oppvaksen på Geilo, som arbeider med visuelle filmeffektar og animasjon. Den fyrste filmen han arbeidde med, var Hellboy II: The Golden Army (2008) der han samarbeidde med regissør Guillermo del Toro. Seinare har han hatt stor suksess med spesialeffektar i dei norske storfilmane Kon-Tiki (2012) og Gåten Ragnarok (2013).
I 2013 vann han Amandaprisen for beste visuelle effektar for sitt arbeid med Kon-Tiki.
Filmografi
Hellboy II: The Golden Army (2008) Knerten (2009) Paul (2011) Kon-Tiki (2012) Gåten Ragnarok (2013) Doktor Proktors prompepulver (2014)
Kjelder Profil på The Internet Movie Database
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside Intervju med Kaupang hjå Grafill.no
Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Norske grafikarar Kategori:Norske formgjevarar Kategori:Norske animatørar Kategori:Folk frå Hol