Jordskjelvet i Kivu i 2008 var eit jordskjelv som råka fleire land kring Dei store afrikanske sjøane kl. 0734 den 3. februar. Det målte 5,9 på momentmagnitudskalaen i følgje United States Geological Survey og varte kring 15 sekund. Episenteret låg 20 km nord for Bukavu ved Kivusjøen i Den demokratiske republikken Kongo.

Detaljar Minst 25 menneske omkom i Rwanda, og kring 200 vart alvorleg såra. Ti menneske omkom då ei kyrkje kollapsa i Rusizi-distriktet i Den vestlege provinsen i Rwanda, i følgje radio i Rwanda I Den demokratiske republiken Kongo vart minst fem stadfesta døde og 149 alvorleg skadde.

Jordskjelvet vart merka i Burundi, der det førte til straumbrot, og så langt borte som den kenyanske hovudstaden Nairobi.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «2008 Lake Kivu earthquake» frå , den 21. januar 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff USGS Earthquake Hazards Program report

Kivu Kivu Kategori:2008 i Rwanda Kategori:2008 i Den demokratiske repulikken Kongo Kivu Kivu Kategori:Kivusjøen