McLeodbreen er ein isbre som er 2 km lang, og som flyt søraustover ut i Clowes Bay på sørsida av Signy Island i Sør-Orknøyane. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1954 etter Michael McLeod, etter ei kartlegging av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947. Den 12. desember 1821 segla kutteren «Beaufoy» under McLeod til ein posisjon minst 60 nautiske mil (110 km) vest for Sør-Orknøyane, der dei på kartet avmerkte land, som kan ha vore Coronation Island.
Kjelder
Kategori:Isbrear på Sør-Orknøyane