ABBA var ei svensk pop-gruppe med ein av dei største kommersielle suksessane på 1970-talet og tidleg på 1980-talet. Medlemmene var Anni-Frid Lyngstad, Agnetha Fältskog, Benny Andersson og Björn Ulvaeus. Gruppa fekk det internasjonale gjennombrotet sitt då ho vann Eurovision Song Contest 1974 med songen «Waterloo».
Namnet «ABBA» er eit akronym av forbokstavane i førenamnet til kvart av medlemmene (Agnetha, Björn, Benny, Anni-Frid). Ein periode var Benny gift med Anni-Frid, og Björn var gift med Agnetha, men begge para vart skild.. I tillegg til dei fire spelte Rutger Gunnarsson bass på alle albuma deira.
ABBA vart ein stor internasjonal suksess med fengande melodilinjer, enkle tekstar og ein Wall of Sound («lydvegg») der dei kvinnelege songarane spelte inn mange harmoniar som dei så la oppå kvarandre. Etter kvart som dei vart meir populære turnerte dei i Europa, Australia og Nord-Amerika og fekk store tilhengjarskarar. Då dei var på sitt mest populære gjekk begge ekteskapa (Björn med Agnetha og Benny med Frida) til medlemmene i oppløysing. Dette viste seg att i musikken deira med meir tankefulle tekstar og ei noko musikalsk endring.
Bandet er framleis populære på radio over heile verda og er eit av dei bestseljande musikkgruppene i verda med totalt rundt 400 millionar selde platerFormer ABBA drummer found dead in garden Amol Rajan; msnbc; vitja 3. september 2008; hevdar 370 millionarABBA, The Book Potiez, Jean-Marie; 15 August 2005; vitja 3. september 2006; hevdar 410 millionar selde album i 2000It's ABBA on the phone making a lot more money, money, money Sherwin, Adam; The Times; 19 April 2006; vitja 3. september 2008; hevdar 750 millionar plater og dei kan år om anna framleis selje så mange som inntil tre million album. ABBA var òg den første ikkje-britiske eller irske popgruppa i Europa som gjekk til topps på salslistene i engelsktalande land som USA, Canada, Australia og Storbritannia. Deira enorme suksess opna dørene for andre europeiske musikkgrupper. Palm, Carl Magnus, s 527
Musikken til ABBA blei mellom anna brukt som bakgrunn for den suksessrike musikkfilmen Mamma Mia, som kom ut i 2008.
Diskografi Plater 1973: Ring ring 1974: Waterloo 1975: ABBA 1976: Arrival 1977: The Album 1979: Voulez-Vous 1980: Super Trouper 1981: The Visitors 2021: Voyage
Samleplater 1975: Greatest Hits 1979: Greatest Hits Vol. 2 1980: Gracias Por La Música 1982: The Singles – The First Ten Years 1986: ABBA Live 1992: ABBA Gold - Greatest Hits 1993: More ABBA Gold – More ABBA Hits 1993: Gold: Greatest Hits 1994: Thank You For The Music 1998: Collection 1999: ABBA ORO - Grandes Exitos 2001: The Definitive Collection
Singlar og EP-ar 1992: Dancing Queen (Import CD-singel) 1993: Dancing Queen (USA Vinyl-singel) 1998: Dancing Queen (USA CD5) 1999: Dancing Queen (UK CD-singel) 1999: Waterloo (Tyskland CD-singel) 1999: Happy New Year
Filmar 1977: ABBA - The Movie 1980: ABBA - In Concert 2004: ABBA - The Definitive Collection
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «ABBA» frå , den 3. september 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Discoartistar Kategori:Melodifestival 1974-deltakarar Kategori:Melodifestival-vinnarar Kategori:Eurovision Song Contest 1974-deltakarar Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarar Kategori:Musikkgrupper skipa i 1972 Kategori:Svenske danseartistar Kategori:Svenske popgrupper