Susanne Aartun Sundfør () er ein rock- og folkartist frå Haugesund som skriv songar og syng sjølv.

Susanne Sundfør har spelt både jazz og klassisk musikk, og har utvikla ein eigen blandingsstil med element frå begge. Ho blir ofte samanlikna med musikarar som Joni Mitchell og Carole King. Sundfør har henta inspirasjon frå desse, men òg frå folk som Jeff Buckley, Radka Toneff, Ane Brun og Thomas Dybdahl.

Tekstane hennar handlar ofte om personlege opplevingar (t.d. «It's all gone tomorrow» og albumet Blómi), eller om samfunnsspørsmål (til dømes 'Opium').

Karriere Ho blei fødd og voks opp i Haugesund, der gjekk ho musikklinja på Skeisvang vidaregåande skule. Sommaren 2005, som 19-åring, varma ho opp for Tom McRae. I februar 2006 spelte ho på Bylarm i Tromsø, i 2007 på ByLarm i Trondheim. I 2007 debuterte ho med albumet Susanne Sundfør som ho vann Spellemannprisen 2007 i klassa beste kvinnelege artist. Ho var også nominert til denne klassa i Spellemannprisen 2010, men trekte seg. Ho grunngav dette med at ho var skeptisk til at mannlege og kvinnelege artistar blei vurderte kvar for seg.«Susanne Sundfør trekker seg fra Spellemann-nominasjon», vg.no. Dette året var ho også nominert i klassa Årets populærkomponist, der ho vann.

Susanne Sundfør var éin av fire artistar som fekk «a-ha-stipendet» i forkant av a-ha sin avskjedsturné i 2010. Stipendet var på éin million norske kroner og blei delt ut for å hjelpa unge og lovande norske artistar som ynkste å satsa internasjonalt.

I 2011 var ho gjestevokalist i hiten «Kapitulera» til den svenske rapparen Timbuktus. Same år urframførte ho bestillingsverket A Night at Salle Pleyel på Oslo Jazzfestival. Dette blei gjeve ut som digitalt album på hausten. Susanne Sundfør har også vore keyboardist i indierockbandet Hypertext og tok del i albumet deira; Astronaut Kraut! (2010). Det tredje albumet til Sundfør, The Silicone Veil (2012), var synthdominert og gav henne ein liten norsk hit med «White Foxes». Same år song ho på Röyksopp-hiten «Running To The Sea».

I 2015 gav ho ut albumet Ten Love Songs. For albumet vann ho tre prisar under Spellemannprisen 2015: popsolist, årets album og årets produsent. Ho var dessutan nominert i klassa årets låt for «Delirious». Det neste albumet hennar, Music for People in Trouble (2017), der ho for fyrste gong spelte gitar. For albumet vann ho Nordic Music Prize for 2017. Ho blei i tillegg nominert til Spellemannprisen 2017 i klassene popsolist og årets album. Ho fekk Gammleng-prisen i klassa musiker i 2018.

Prisar og utmerkingar i utval Spellemannprisen 2007 for plata Susanne Sundør i klassa Kvinneleg artist. Spellemannprisen 2010 for The Brothel i klassa Årets populærkomponist. Edvard-prisen 2011 for The Brothel i klassa Populærmusikk Spellemannprisen 2015: popsolist, årets album og årets produsent. Nordic Music Prize (2017) med albumet Music for People in Trouble. Gammleng-prisen (2018): Musiker.

Diskografi Studioalbum Susanne Sundfør – (2007, Your Favourite Music/MBO) Take One – (2008, Your Favourite Music/Universal) The Brothel – (2010, EMI Norway) The Silicone Veil – (2012, EMI Norway) Ten Love Songs – (2015, Warner Music) Music for People in Trouble – (2017, Bella Union) Blómi – (2023, Bella Union)

Konsertalbum Take One – (2008, Your Favourite Music/Universal) A Night At Salle Pleyel – (2011, EMI Norway)

Singlar Walls – (2006) White Foxes – (2012, EMI Norway) The Silicone Veil (singel) – (2012, EMI Norway)

Musikkvideoar «The Brothel» «White Foxes» «The Silicone Veil» «Among us» «Fade away»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Susanne Sundfør» frå , den 24. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

Side på MySpace

Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen