Gaunt Rocks er ei lita gruppe holmar som ligg 3,5 km vest for Barros Rocks i Wilhelm Archipelago. Dei vart grovt kartlagt av British Graham Land Expedition under Rymill i 1934–37, og meir nøyaktig plassert på kartet av Falkland Islands Dependencies Survey frå flyfoto tekne av Hunting Aerosurveys Ltd i 1956–57. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1959 og skildrar desse øyde, barske holmane. Gaunt tyder naken, einsam eller aude på engelsk.
Kjelder
Kategori:Klippeformasjonar i Wilhelm Archipelago