Eugen Napoleon Nikolaus () var ein svensk og norsk prins og kunstmålar. Han var den yngste sonen til kong Oscar II og Sofia av Nassau, bror til kong Gustav V. Eugen vart ofte omtala som kunstnarprinsen.
Liv og gjerning
mini|venstre|Vadstena från Stubbet, 1920
Prins Eugen studerte hos Hugo Salmson i Stockholm og heldt fram med studiane i Paris, mellom andre hos Léon Bonnat. I Frankrike vart han mest inspirert av dei symbolistiske målarane, noko som på 1890-talet syner seg i hans folketomme, «vemodiga landskap» med «själfullt innehåll».Den svenska målarkonstens historia:199 Før han kom så langt, måla han i ein meir realistisk stil, til dømes i to norske motiv; Valdreskvinna frå 1889 og Valdres frå året etter.
I Sverige bidrog Eugen til det nasjonale landskapsmåleriet med skildringar av det svenske kulturlandskapet, fremst Södermanland, Stockholm og Österlen. Hans mest kjende måleri, Molnet, måla han i to versjonar, ein i 1895 og den andre i 1896. Allereie i 1893 måla han Det gamla slottet, eit frampeik mot Molnet.
Eugen heldt fram å måle mest heile livet. Han er såleis representert med dekorative veggmåleri på teaterhuset Dramaten og i Stockholms rådhus. Prins Eugen laga altartavla i Kiruna kyrkje og ei altartavle som han gav til Djurgårdskyrkan i Stockholm.
I 1947 vart Eugen tildelt Haakon VIIs Frihetskors «for fremragende fortjenester av Norges sak under krigen».
Notar
Kjelder Den svenska målarkonstens historia. 2001
Bakgrunnsstoff
Kategori:Svenske målarar Kategori:Svenske kongelege Kategori:Norske kongelege Kategori:Haakon VII Fridomskross Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet