Trettiårskrigen (1618–1648) vart utkjempa hovudsakleg i det som i dag er Tyskland, og til forskjellige tider omfatta krigen nesten alle landa i Europa. Det var ein av dei mest øydeleggjande krigane i europeisk historie.
Opphavet til krigen og målet til deltakarane var kompliserte, og ein kan ikkje peike ut ei enkelt årsak til krigen. Opphavleg vart krigen kjempa som ein religionskrig mellom protestantar og katolikkar i Det tysk-romerske riket, men stridar om den indre politikken og maktbalansen innanfor riket spelte òg ei stor rolle. Gradvis utvikla krigen seg meir til ein generell konflikt som omfatta dei fleste statane i Europa. I denne generelle fasen vart krigen eit framhald av striden mellom franske Bourbon og Habsburg for å få forrang i Europa, og på sikt førte det til vidare krigføring mellom Frankrike og Habsburg.
Heile regionar vart lagt i grus under trettiårskrigen av dei vandrande soldatane (bellum se ipsum alet). Episodar med hungersnaud og sjukdom førte til at folketalet i dei tyske statane, Böhmen, Dei sameinte Nederlanda og Italia fall kraftig, og fleire statar fekk store økonomiske problem. Sjølv om regimenta innanfor kvar arme ikkje strengt tatt var innleigde i den forstand at dei skifta side frå slag til slag, var dei individuelle soldatane innanfor kvart regiment truleg leigesoldatar som gjorde dette. Disiplinproblema vart derimot vanskelegare av måten militæret vart finansiert på i løpet 1600-talet. Armeane var forventa å vere stort sett sjølvfiansierte ved at ein plyndra eller skattla innbyggjarane i områda der dei opererte. Dette oppfordra til ei form for lovløyse som gjekk hardt ut over innbyggjarane i dei okkuperte områda. Fleire av stridane som var ein del av krigen vart ikkje løyste på lang tid. Trettiårskrigen enda med avtalar i Osnabrück og Münster, delar av den større freden i Westfalen.Wilson, Peter. "Europa's Tragedy". Penguin, 2009, s.735-755
Opphavet til krigen mini|venstre|Ferdinand I av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen. mini|venstre|Ferdinand II av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen. mini|venstre|Kart over krigsområdet. Freden i Augsburg (1555), signert av Karl V av Det tysk-romerske riket, stadfesta resultata etter riksdagen i Speyer i 1526, som enda krigen mellom tyske lutheranarar og katolikkar. Herskarar frå 225 tyske statar kunne velje religionen sin (lutheranisme eller katolisisme) i staten sin, og tvinge innbyggjarane til å følgje denne trua (cuius regio, eius religio-prinsippet). Lutheranarar som levde i eit fyrstbispedøme (ein stat styrt av ein katolsk biskop) kunne halde fram å praktisere trua si. Lutheranarar kunne halde områda dei hadde teke frå den katolske kyrkja sidan freden i Passau i 1552. Fyrstbiskopane som hadde konvertert til lutheranismen måtte sei frå seg landområda sine (reservatum ecclesiasticum-prinsippet). Sjølv om freden i Augsburg enda fiendskapen for ei stund, løyste det ikkje den underliggande religiøse striden. I tillegg spreidde kalvinismen seg raskt gjennom Tyskland i åra som følgde. Dette førte til ei tredje trusretning, men dette vart ikkje anerkjend med vilkåra i Augsburg-avtalen, der berre katolisismen og lutheranismen var gjeldande.
Herskarane frå nasjonane som grensa til Det tysk-romerske riket medverka òg til at trettiårskrigen braut ut: Spania var interessert i dei tyske statane fordi dei hadde område i Dei spanske Nederlanda i den vestlege delen av Riket og statar innanfor Italia som var knytte saman over land via Spanskevegen. Nederlendarane gjorde opprør mot den spanske dominansen i 1560-åra og dette førte til ein langvarig sjølvstendekrig som varte fram til ein våpenkvile i 1609. Frankrike var nesten kringsett av dei to habsburgske statane (Spania og Det tysk-romerske riket), og ønskte å utøve makta si mot dei svakare tyske statane. Dette ønsket overgjekk dei religiøse interessene og gjorde at det katolske Frankrike deltok på den elles protestantiske sida i krigen. Sverige og Danmark var interesserte i å få kontroll over dei nordlege tyske statane som grensa til Austersjøen.
Det tysk-romerske riket var ei fragmentert samling av stort sett sjølvstendige statar. Stillinga som tysk-romersk keisar var hovudsakleg berre ein tittel, men keisarane, frå Huset Habsburg styrte òg direkte ein stor del av Riket (Erkehertugdømet Austerrike, i tillegg til Böhmen og Ungarn). Det austerrikske området var dermed ei europeisk stormakt aleine, og herska over åtte millionar innbyggjarar. Riket bestod òg av fleire større statar som Bayern, kurfyrstedømet Sachsen, markgrevskapet Brandenburg, Pfalz, Hessen, erkebispedømet Trier og Nürnberg (med 500 000 til ein millionar innbyggjarar). Mange mindre sjølvstendige grevskap, keisarfrie byar, abbed, fyrstbispedøme og små herredøme (som stundom ikkje rådde over meir enn ein enkel landsby) dekte resten av Riket. Bortsett frå Austerrike og kanskje Bayern, kunne ingen av desse einingane utøve makt på nasjonalpolitisk nivå, og alliansar mellom familietilknytte statar var vanlege, delvis fordi det var vanleg å dele opp famileeigedomane mellom etterkomarane.
Den religiøse spaninga heldt seg sterk gjennom andre halvdelen av 1500-talet. Freden i Augsburg byrja å løys seg opp, då nokre av dei konverterte biskopane nekta å gje frå seg bispedøma sine, og somme habsburgske og andre katolske herskarar i Det tysk-romerske riket og Spania ønskte å gjeninnføre katolisismen i regionen. Dette var tydeleg frå Kølnerkrigen (1583–88), ein konflikt som starta då fyrstbiskopen i byen, Gerhard Truckles Von Wald-burg, konverterte til kalvinismen. Sidan han var keisarleg kurfyrste kunne dette ha ført til eit protestantisk fleirtal blant fyrstane som valde den tysk-romerske keisaren – ei stilling som alltid hadde vore katolsk.
I Kølnerkrigen dreiv spanske soldatar den tidlegare fyrstbiskopen ut og erstatta han med Ernst av Bayern, ein katolikk. Etter denne suksessen dreiv katolikkane på vidare og cuius regio, eius religio-prinsippet vart utført meir strengt i Bayern, Würzburg og andre statar. Dette tvinga dei lutherske innbyggjarane til å anten omvende seg eller flytte. Lutheranarane opplevde òg at herrar i Pfalz (1560), Nassau (1578), Hessen-Kassel (1603) og Brandenburg (1613) hoppa over til den nye kalvinismen. Så på byrjinga av 1600-talet var områda kring Rhinen og dei sørover til Donau stort sett katolske, medan lutheranarane dominerte i nord og kalvinistane i somme andre område, som vest i det sentrale Tyskland, Sveits og Nederlanda. Det fanst derimot minoritetar av dei andre trusretningane nesten alle stader. I somme herredøme og byar var talet på kalvinistar, katolikkar og lutheranarar nesten likt.
Dei spanske herskarane mislikte sterkt at dei habsburgske keisarane som følgde Karl V (særleg Ferdinand I og Maximilian II, men òg Rudolf II og etterkomarane hans Matthias) var tilfredse med at prinsane i Riket kunne velje trusretning sjølv. Desse herskarane unngjekk religionskrigar i riket ved å la dei forskjellige trusretningane spreie seg utan tvang. Dette gjorde dei som søkte religiøs einskap arg. Samstundes ønskte Sverige og Danmark, begge lutheranske kongedøme, å støtte den protestantiske sida i Riket, samt få politisk og økonomisk innverknad der.
Dei religiøse spaningane braut ut i vald i den tyske fristaden Donauwörth i 1606. Den lutherske majoriteten der hindra dei katolske innbyggjarane frå å halde ein prosesjon, noko som førte til opprør. Dette førte til at hertug Maximilian av Bayern (1573–1651) blanda seg inn på vegner av katolikkane. Då valden gav seg, følte kalvinistane i Tyskland (som var i mindretal) seg truga. Dei knytte seg saman og danna Den evangeliske unionen i 1608, leia av Pfalz kurfyrsten Fredrik IV (1583–1610), (viss son Fredrik V gifta seg med Elizabeth Stuart, dottera til Jakob I av England). Då denne unionen vart oppretta danna katolikkane Den katolske ligaen i 1609, leia av hertug Maximilian.
Spaningane eskalerte vidare i 1609 under den jüliche arvefølgjekrigen, som starta då hertug Johan Vilhelm av Jülich-Cleves-Berg, herskaren over det strategisk viktige Dei sameinte grevskapa Jülich-Cleves-Berg, døydde utan barn.C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 48. Det var to pretendentar til grevskapet. Den første var hertuginne Anna av Preussen, dottera til den eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Maria Eleonora av Cleves. Anna var gift med kurfyrste Johan Sigismund av Brandenburg. Den andre var pfalzgreve Wolfgang Vilhelm av Neuburg, som var son av den nest eldste systera til hertug Johan Vilhelm, Anna av Cleves. Hertuginne Anna av Preussen gjorde krav på Jülich-Cleves-Berg som arving til den eldste linja, medan Wolfgang Vilhelm gjorde krav som den eldste mannelge arvingen. Begge pretendentane var protestantiske. For å hindre krig mellom rivalane okkuperte styrkane til Rudolf II av Det tysk-romerske riket i 1610 Jülich-Cleves-Berg fram til striden vart avgjort i Rikshoffrådet (Reichshofrat). Fleire protestantiske prinsar frykta derimot at keisaren, som var ein from katolikk, ønskte å halde Jülich-Cleves-Berg for seg sjølv for å hindre grevskapa å hamne i protestantiske hender. Representantar for Henrik IV av Frankrike og Dei sameinte Nederlanda samla styrkar for å invadere Jülich-Cleves-Berg, men desse planane vart avlyste då Henrik IV vart myrda. I håp om å få ein fordel i striden, konverterte Wolfgang Vilhelm til katolisismen, medan Johan Sigismund konverterte til kalvinismen (sjølv om Anna av Preussen vart verande lutheranar). Striden vart avgjort i 1614 med freden i Xanten der Dei sameinte grevskapa vart fråskilde: Jülich og Berg vart gjeven til Wolfgang William, medan kurfyrsten av Brandenburg fekk Cleves, Mark og Ravensberg.
Bakgrunnen for det nederlandske opprøret er òg naudsynt for å forstå hendingane som førte fram til trettiårskrigen. Det var vidt kjend at Tolvårsvåpenkvilen kom til å gå ut i 1621, og gjennom Europa venta ein at Spania då ville prøve å gjenerobre Dei sameinte Nederlanda. På denne tida kunne styrkane til Ambrogio Spinola, 1. marki av Balbases, genuesisk kommandant for ein spansk arme, passere fritt gjennom dei vennlege territoria for å nå Dei sameinte Nederlanda. Den einaste fiendtlege staten som stod i vegen var Kurfyrstedømet Pfalz.C. V. Wedgwood, The Thirty Years War (Penguin, 1957, 1961), s. 50. (Den føretrekte ruta til Spinola ville ta han gjennom Republikken Genova, hertugdømet Milano, gjennom Val Telline, rundt det fiendtlege Sveits ved å gå langs nordsida av Bodensjøen, så gjennom Alsace, erkebispedømet Strasbourg, så gjennom Kurfyrstedømet Pfalz, og så til slutt gjennom erkebispedømet Trier, Jülich og Berg og vidare til Dei sameinte Nederlanda). Kurfyrstedømet Pfalz var derfor strategisk viktig i ei europeisk sak som var ut av alle proporsjonar samanlikna med storleiken på staten. Dette forklarer kvifor protestanten Jakob I av England fekk dottera Elizabeth Stuart gift med Fredrik V av Pfalz i 1612, trass i den vanlege sedvanen om at ei prinsesse berre ville gifte seg med ein annan kongeleg.
I 1617 vart det tydeleg at Matthias av Det tysk-romerske riket og konge av Böhmen ville døy utan arvingar, og at landområda hans ville gå til den næraste mannlege slektningen, syskenbarnet erkehertug Ferdinand II av Austerrike, næraste arving og kronprins av Böhmen. Med Oñate-traktaten gjekk Filip III av Spania med på denne arvefølgja.