Shackleton Valley er ein brei dal som går vest-nordvest frå Strømnes i Strømnesfjorden i Sør-Georgia. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter sir Ernest Henry Shackleton som utforska Britisk Antarktis og som gjorde ei episk reise over Sør-Georgia med to av mennene sine i mai 1916 etter å ha segla i ein livbåt frå Elefantøya. Dei enda då opp i denne dalen. Dei fekk kontakt med Mr. Sørlle, som då var bestyrar på Stromness kvalstasjon, og resten av mannskapet på Elefantøya vart berga.
Kjelder
Kategori:Dalar i Sør-Georgia Kategori:Oppkallingar etter Ernest Shackleton Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar