Asta Elise Jakobine Nørregaard () var ein norsk målar som er kjend for sine mange portrett frå den norske hovudstaden.
Liv og gjerning mini|venstre|Fransk kjøkkeninteriør, 1881
Asta Nørregaard voks opp i Kristiania, faren var i 1865 kaptein i det militære. Sjølv gjekk ho på Knut Bergslien sin målarskule 1874-75 og var sidan elev av Eilif Peterssen i tre år i München og eitt år i Kristiania. Med støtte frå Schäffers legat budde ho i Paris frå 1879 til -84. Frå 1885 var ho busett i den norske hovudstaden livet ut, med unnatak for studiereiser til Frankrike og Italia.
Nørregaard var ambisiøs og kvikk til å tileigne seg ny kunnskap. Det vekte oppsikt då ho i 1882 fekk oppdraget med å lage altertavle til Gjøvik kyrkje. Etter 1890 spesialiserte ho seg på portrett, som ho gjorde med stor detaljrikdom og teknisk dugleik. Mannsportretta måla ho med oljemåling, medan portrett av kvinner og barn forma ho i pastellkrit. Mellom dei mange framståande personane ho portretterte fann ein Thomas Fearnley, Kristian Birkeland, Gisle Johnson, kong Haakon VII og i 1885 ein ung Edvard Munch. Ved sidan av altartavla i Gjøvik og Munch-portrettet er måleriet I atelieret frå 1883 hennar mest kjende verk.
Nørregaard mottok i 1920 Kongens fortjenstmedalje i gull.
Ho levde ugift.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Asta Nørregaard» frå , den 27. mars 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Oslo