Isaach Isaachsen () var ein norsk kjøpmann frå Kristiansand, stortingsmann i 1818.
Isaachsen var son til ein kjøpmann i Kristiansand. Sjølv oppheldt han seg i Frankrike frå 1790 til 1792 og var då med i jakobinarklubben. Soga vil ha det til at «Da Faderen blev ængstelig for ham, sendte han et skib til Dunkirk. Skipperen, en 'stærk' baatsmand og en eller to matroser kjørte til Paris, 'bandt' ham og kjørte ham tilbage til skibet, hvormed han blev bragt hjem». Isaachsen var resten av livet prega av ideal framheva under den franske revolusjonen.
Isaachsen var kjøpmann i fødebyen, gift med ei dotter av biskopen i Kristiansand, Peder Hansen. Frå 1816 var han elles gardbrukar på Tjos i Oddernes og busett der. Han representerte Lister og Mandals amt på Stortinget 1818, medlem av sju komitear. Her viste han ein imponerande aktivitet og la fram mange radikale reformforslag, dei fleste avvist mot ei røyst. Mellom anna foreslo han borgarleg viing. Det enda med hans tremenning og kollega på stortinget, Samuel Simonsson Fede, til sist fekk alvorleg: «.. paalæg om at sørge for at Isaachsen ikke kom til at blive gjenvalgt, thi en slig galning vilde de ikke vide af paa thinget.»
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Denne artikkelen bygger på «Isaach Isaachsen» frå , den 12. april 2014.
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Folk frå Kristiansand