Bekledningsarbeiderforbundet vart skipa i 1969, etter ein fusjon mellom Norsk Bekledningsarbeiderforbund, Norsk Tekstilarbeiderforbund og Norsk Skotøyarbeiderforbund. Norsk Skinn- og Lærarbeiderforbund gjekk inn i 1973. Bekledningsarbeiderforbundet organiserte arbeidarar frå tekstilindustrien, konfeksjonsindustrien, skotøyindustrien og skinn- og lêrindustrien.
I 1988 gjekk Bekledningsarbeiderforbundet saman med Norsk Bygningsindustriarbeiderforbund, Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund, Norsk Papirindustriarbeiderforbund og Norsk Skog- og Landarbeiderforbund, og skipa det nye Fellesforbundet.
Kjelder
Bekledningsarbeiderforbundet i Store Norske Leksikon
Kategori:Tidlegare norske fagorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1969 Kategori:Nedleggingar i 1988