Glads mølle eller Nedre papirmølle, er ein tidlegare fabrikkbygning som ligg ved Beyerbrua og Vøyenfossen, Akerselva i Oslo. Gateadressa er Sandakerveien 10.

mini|venstre|«Akerselva ved Beierbrua med Glademøllen». Litografi av Peter Frederik Wergmann (1802-1869). mini|Glads mølle

Bygninga er frå 1736 og blei reist av handelshuset Collett & Leuch som papirmølle, i åra 1748–98 som ein del av Bentse Brug.

I 1798 tok Frederik Glad over mølla og ho fekk namn etter han. Mot slutten av 1870-åra opphøyrde drifta og i 1880 vart ho tatt over av Hjula Væverier.

Glads mølle er rekna som Oslos eldste bevarte industribygning. Ho er bygd i panelt tømmer med høg underetasje av mur og høgt mansardtak med arker. Bygninga er freda.

Kjelder

Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 71 og 204, ISBN 978-82-573-1760-7

Denne artikkelen bygger på «Glads mølle» frå , den 17. mai 2014, revisjon

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare føretak i Oslo Kategori:Skipingar i 1736 Kategori:Tidlegare norske føretak Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Freda bygg i Oslo Kategori:Akerselva