Daniel Alves da Silva () er ein brasiliansk fotballspelar som i 2018 spela som høgreback for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og for landslaget til Brasil. Han har vunne UEFA-cupen med Sevilla to gonger, i 2005/06- og 2006/07-sesongen. Med Barcelona har han blitt seriemeister i Spania i 2008/09-, 2009/10-, 2010/11-, 2012/13-, 2014/15- og 2015/16-sesongen, vunne den europeiske meisterligaen i 2008/09-, 2010/11- og 2014/15-sesongen og VM for klubblag i 2009, 2011 og 2015. I 2016/17-sesongen vart han seriemeister i Italia med Juventus.

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Brasil Kategori:Olympiske meistrar i fotball Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Sevilla-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2022