Novgorod eller Velikij Novgorod er ein by i Russland. Byen er av dei eldste og viktigaste byane i Russland. Byen vart av vikingane kalla for Holmgard (norrønt). Novgorod ligg langs den historiske ferdavegen mellom Moskva og St. Petersburg (180 km søraust for St. Petersburg), ved elva Volkhov. Elva renn ut frå innsjøen Ilmen. Byen er administrativt senter for Novgorod oblast og har om lag 225 000 innbyggjarar. Klimaet er høvesvis tørt, med ein gjennomsnittleg temperatur om sommaren på +25 °C og om vinteren på –10 °C.

Dei historiske monumenta i Novgorod og omland vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1992.

Historie Starten på Rurikdynastiet Novgorod er den eldste slaviske byen som ein kjenner til i Russland. Byen er først nemnd i 859, og då var han alt ein viktig stasjon på væringane (skandinavane) si handelsrute mellom Baltikum og Austromarriket. I følgje norrøn mytologi skal Holmgard ha eksistert langt tidlegare, men det er vanskeleg å skilje myter frå historiske fakta. Seinare vert Holmgard berre som ei festning inne i byen Rjurikovo Gorodisjtsje, kalla opp etter den norrøne herskaren Rurik (ca. 830-879), som vart invitert til byen for å skape ro og orden og som gjorde han til sin hovudstad. Arkeologiske funn tyder på at Gorodisjtsje, som var residens for knjazen (fyrsten), kan daterast til midt på 800-talet, medan sjølve byen er datert til slutten av hundreåret. På midten av 900-talet var Novgorod ein fullt utvikla mellomalderby og eit politisk sentrum. Rurikdynastiet skulle regjere over Russland i meir enn 750 år.

mini|venstre|Tusenårsminnesmerket for Russland, forma som ei kyrkjeklokke i bronse (1862).

Kievriket I 882 inntok etterfølgjaren til Rurik, Oleg av Novgorod (Helge), Kiev og grunnla Kievriket. Han valde Kiev til hovudstad, noko som gjorde Novgorod til den nest viktigaste byen i riket, men han heldt på stillinga si som sentrum for utanlandshandel. I følgje tradisjonen vart den eldste sonen og arvingen til den regjerande fyrsten i Kiev sendt til Novgorod som barn. I norrøn mytologi vart byen nemnd som hovudstad i Gardarike. Fire norske kongar – Olav Tryggvason, Olav den heilage, Magnus Olavsson og Harald Hardråde – søkte tilflukt i Novgorod frå fiendar i heimlandet. Tidleg på 900-talet sendte Novgorod felttog mot Konstantinopel (norrønt Miklagard) for å sikre handelen med Austromarriket. Dette resulterte i ei integrering av austslaviske stammer i det russiske Kievriket.

Av alle fyrstane sine sette novgorodarane minnet om Jaroslav den vise (ca. 978-1054) høgast. Han gav ut dei første skrivne lovene (seinare inkludert i Russkaja pravda) og finansierte bygginga av den mektige St. Sofia-katedralen (1045), som framleis står. Som takk for hjelpa til å sigre over sin eldre bror og halde trona, tildelte Jaroslav byen Novgorod fleire privilegia. Til gjengjeld kalla novgorodarane opp torget i byen etter Jaroslav. Innføringa av kristendommen på slutten av 900-talet gjorde Novgorod til eit mektig kyrkjesenter. Biskopane i Novgorod strevde for å spreie og marknadsføre den ortodokse trua og dette bar frukter på midten av 1100-talet, då embetet vart oppjustert til erkebiskop og dermed vart bispesetet i Novgorod det mektigaste i den russisk-ortodokse kyrkja.

Sideblikk: Holmgard og Noreg mini|Heilag-Olav og Rurik.

Novgorod (Holmgard) spelar òg interessante biroller i norsk historie. Éin ting er at kong Olav Tryggvason var her i delar av barndommen sin, hos den heidenske fyrst Vladimir. Men langt viktigare er helgenkongen Olav den heilage sitt opphald her.

Da kong Knut den mektige drog til Noreg for å feste grepet over landet, måtte Olav flykte unna. Etter ei kort tid i Sverige slo han seg ned i Holmgard i Gardarike, der han vart vel mottatt av storfyrst Jaroslav og fyrstinna hans Ingegerd av Sverige, som Olav i si tid skulle hatt til ekte.

Snorre formidlar i kongesogene sine i Heimskringla at Olav gjennomgikk ei djup andeleg utvikling i Gardarike. Her fekk han mellom anna tilbod av fyrst Jaroslav om å styre over dei heidenske bulgararane. Flokken av menn som hadde følgd han frå Noreg råda han frå det. Det vert fortalt frå opphaldet i Holmgard at medan Olav sat og tenkte, kom han i vanvare til å bryte den kristne helgedagsfreden ved å spikke på eit trestykke på ein søndag. Ein av kongen sine menn såg kva kongen heldt på med og sa nennsamt: «Det er måndag i morgon, herre.» Det var frå Novgorod at Olav i 1030 braut opp for å gjenerobre Noreg og styrke den spede og vaklande kristendom der. Vegen førte til Stiklestad, der han fall den 29. juli.

mini|Kreml i Novgorod.

Republikken Novgorod

I 1136 lausreiv novgorodske handelsmenn og bojarar seg frå Kiev, forviste fyrsten sin og utropte Republikken Novgorod. Ikkje lenge etter okkuperte tartarane mesteparten av Russland. Novgorod var den einaste byen som slapp unna tartarane, dei kom seg ikkje fram dit fordi byen var omgjeve av myr og sump.

Den mektige bystaten kontrollerte mesteparten av det nordaustlege Europa, frå dagens Finland og Estland til Uralfjella. Den viktigaste personen i Novgorod var då posadniken, ein slags «borgarmeister», offentleg vald frå aristokratiet i byen av ei samling kalla veche. Novgorod-retten vart formelt leia av prinsen (som òg vart vald av veche-samlinga), men avgjerslene hans måtte stadfestast av posadniken for å verte gjeldande. På 1200-talet vart Novgorod ein del av Hansaen og vart ein av dei fire viktigaste handelsbyane i Europa saman med Bergen, Brugge og London. Tyske handelsmenn danna ein koloni i Novgorod. Dei kalla byen for Naugard. Eksportartiklane var hovudsakleg pels, skinn, voks, honning, lin og tjøre. Stoff og metall vart importert frå Europa og korn frå Sentral-Russland. Transitthandelen med Sentral-Asia nådde òg eit stort volum.

Igjennom mellomalderen hadde Novgorod god framgang, byen vart eit av dei viktigaste handels- og kultursentera i Europa. Flesteparten av innbyggjarane var lese- og skrivekunnige og dei nytta ark av bjørkenever for skriftleg kommunikasjon. Alt på 1000-talet fekk byen sin første skule og Novgorod vart ein av hovudbyane i Russland når det gjaldt litteratur og bokproduksjon. Nokre av dei eldste russiske dokumenta vart skrive i Novgorod. Medan Paris og London vassa i gjørme, vart Novgorod kjend hos utlendingar for sine brulagde vegar og reine gater. Handelsmannen Sadko frå Novgorod vart òg ein populær helt i russisk folklore.

På 1200-talet var Novgorod hardt pressa av danskane i allianse med krossfararordenane Den tyske riddarordenen og Sverdbroderordenen. Leia av biskop Hermann von Buxhoeven av Dorpat gjekk dei frå Estland til åtak mot Novgorod, men den om lag 2000 mann store styrken vart slått tilbake av om lag 6000 russarar under Aleksander Nevskij av Novgorod ved slaget på den islagte Peipus den 4. april 1242. Slaget har seinare inngått i russisk og sovjetisk patriotisk propaganda på 1930-talet sidan det var den siste gongen på mange hundre år at tyskarar hadde gått til åtak på Russland. Slaget vart skildra i Sergeij Eisenstein-filmen Aleksander Nevskij, men i filmen enda slaget feilaktig med at isen brast under krossfararane.

Novgorod var på høgda på 1300-talet, då hadde folketalet vokse til rundt 400 000. Den storslegne byen frå denne perioden, med hundrevis av praktfulle kyrkjer, handelshus, lager og marknadsplassar, har vore eit rikt grunnlag for russisk kunst og folklore. Arkitekturen i Novgorod, retning i ikon-måling, dekor og gullsmedkunst er kjent over heile verda. Men hundreåret var òg starten på nedgangstidene med mellom anna kamp mot makta i Moskva.

mini|venstre|Ivan III (1440–1505).

Innlemming i Storhertugdømet Moskva Den kraftige auken i folketalet i Novgorod førte til at det etterkvart vart vanskeleg å brødfø så mange innbyggjarar. Interne stridar hos leiarane av republikken svekka òg suvereniteten til bystaten. Byen var avhengig av Vladimir-Suzdal-regionen for korn. Dei store byane i området, Moskva og Tver, nytta dette for å få kontroll over Novgorod. Storfyrstadømet Moskva hadde på denne tida samla mange byar og område i Russland og var vorte eit mektig rike. I 1478 annekterte Ivan III Novgorod inn i Moskvastaten. Novgorod vart den tredje største byen i Russland fram til Ivan den fælslege plyndra byen og drap fleire tusen av innbyggjarane i 1570. Men Novgorod heldt den kommersielle posisjonen fram til St. Petersburg vart grunnlagd i 1703. Mellom 1611 og 1617 var Novgorod okkupert av Sverige, men Russland greidde til slutt å ta byen tilbake. I 1727 vart byen hovudstad for regjeringa i Novgorod.

mini|Novgorod på 1800-talet. Frå Rambaud sitt Russland, band 1 (1898).

Andre verdskrigen Novgorod hadde slått tilbake åtaka frå Den tyske riddarordenen og Sverdbroderordenen og svenske åtak, og unngjekk øydeleggingar under den mongolske invasjonen. Men under den andre verdskrigen hamna Novgorod i frontlinja og vart okkupert av nazistiske styrkar den 15. august 1941. Dei historiske minnesmerka vart systematisk øydelagde. Då den raude armeen frigjorde byen 20. januar 1944 stod berre 40 av dei opphavlege 2536 steinbygningane igjen. Store mengder kunst- og kyrkjeskattar var òg «ført i tryggleik» til Tyskland. Amerikanarane sendte det dei fann og kunne identifisere tilbake frå det okkuperte Tyskland i slutten av 1940-åra, men mykje er ikkje kome til rette.

I tillegg til dei store menneskelege og materielle tapa medførte den tyske okkupasjonen av Novgorod ein meir akademisk skade. Den stortyske propaganda la ikkje overraskande stor vekt på at ikkje berre Novgorod, men òg Russland, hadde skandinaviske røter. Og da Novgorod var inntatt, hadde den tyske filmavisa «Wochenschau» skrytt: «Novgorod, den gamle tyske hansastaden Naugard, Austen sitt svar på Nürnberg, er på våre hender».

Etter krigen vart det vanskelege tider for dei russiske historikarane som i forskinga si var komne til at svenske vikingar hadde spelt ei viktig rolle i historia til byen og landet. Ein av dei som fekk føle det, var historikaren Lev Klejn. Han analyserte motviljen slik: «Det dreier seg om den nasjonale ærekjensla. For mange russarar var det ein forkasteleg påstand at den russiske staten på noko tidspunkt skulle ha vorte mogleggjort av framande folkeslag. Vikingane var jo skandinaviske germanarar, dei var nordgermanarar og derfor var det ein utoleleg tanke». Så seint som i 1979 vart «normannisten» Lev Klejn dømd til tre års fangeleir, på papiret på grunn av homoseksualitet, i realiteten av først nemnde årsak.

Etter krigen vart sentrum i byen gradvis restaurert. Dei viktigaste monumenta vart verna av UNESCO i 1992. I 1998 vart byen offisielt omdøypt til Velikij Novgorod og fekk dermed tilbake mellomaldernamnet Mektige Novgorod.

Attraksjonar Ingen andre russiske eller ukrainske byar kan konkurrere med Novgorod om variasjonen og alderen på mellomaldermonument. Novgorod har, som mange russiske byar, sitt eige Kreml (festningsverk). Her finst den vakre Sofiakatedralen og tusenårsminnesmerket for Russland, forma som ei kyrkjeklokke (motivet finn ein igjen på 5-rubelsetelen).

Sofiakatedralen mini|Sofiakatedralen (1045).

Den fremste av mellomaldermonumenta er Sofiakatedralen [Софийский Собор) som vart bygd mellom 1041 og 1050 av Vladimir av Novgorod, etter ein ide av faren Jaroslav den vise. Kyrkja skulle vere eit uttrykk for takksemda til Jaroslav for støtta Novgorod gav han i kampen mot Kiev. Dette er den best bevarte kyrkja frå 1000-talet, og den første som viser dei opphavlege karaktertrekka av russisk arkitektur, med strenge steinmurar og fem hjelmliknande kuplar. Dette er ei vidareføring av sentralkyrkja med kuplar i austromersk arkitektur. Freskane i kyrkja vart måla på 1100-talet og vart renovert i 1860-åra. Ikonografien er bysantinsk, med mellom anna bilete av Konstantin den store og mor hans, keisarinne Helena. Dei kjende bronseportane i katedralen er laga i Magdeburg i 1156 og skal visstnok vere stolen av novgorodarane frå den dåverande svenske hovudstaden Sigtuna i 1178.