Novgorod oblast er eit oblast vest i Russland. Novgorod oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet ligg i det nordvestre føderale distriktet i Russland, mellom Moskva og St. Petersburg. Hovudstaden i oblastet er byen Velikij Novgorod (Store Novgorod). Andre viktige byar er: Borovitsji, Staraja Russa, Valdaj og Tsjudovo.

Flatevidda er 54 501 km². I 2021 var folketalet 592 415, ned frå kring 753 000 i 1989. Det store fleirtalet av folket er etniske russarar, 88,4 % ved folketeljinga i 2010. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar (1,1 %)."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Geografi Novgorod oblast grensar til Leningrad oblast i nordvest og nord, Vologda oblast i aust, Tver oblast i sør og søraust og Pskov oblast i sørvest.

Den vestlege delen er lågland kring Ilmensjøen, medan resten er høgland (ein del av Valdajhøgdene). Det høgaste punktet er Ryzjokha (296 moh.).

Tidssone Novgorod oblast har Moskvatid (MSK/MSD). I høve til UTC er avviket +0300 (MSK)/+0400 (MSD).

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske føderasjonssubjekt