Odd Mæhlum () var ein friidrettsutøvar frå Hamar, som konkurrerte i spydkast og var medlem av Hamar Idrettslag. Han var Noregs beste i øvinga dei fyrste åra etter 2. verdskrigen og vann fire strake NM-titlar.
Aktiv Mæhlum vart noregsmeister i spydkast i perioden 1946 til 1949. I 1946 deltok han også i EM i friidrett 1946 i Oslo, der han enda på fjerdeplassen med eit kast på 66,37 meter. Han deltok under Sommar-OL 1948 i London, og kom på femteplass etter eit lengstekast på 65,32 meter.
Hans besterekord i spydkast var på 69,08 meter og vart sett i september 1947 i Vikersund.
Medaljar i norske meisterskap 1946: Gullmedalje – 67,87 m, framom Michael Salomonsen (61,95 m) 1947: Gullmedalje – 66,30 m, framom Einar Røberg (62,63 m) 1948: Gullmedalje – 61,57 m, framom Einar Røberg (61,07 m) 1949: Gullmedalje - 62,46 m, framom Gunnar Strøm (57,81 m) 1950: Sølvmedalje – 59,50 m, bakom Einar Røberg (61,84 m) 1951: Sølvmedalje – 61,29 m, bakom Einar Røberg (63,45 m)
Kjelder Friidrett.no
Kategori:Norske spydkastarar Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Folk frå Hamar