Schrankogel er ein 3 497 meter over havet høg fjelltopp i Stubaialpane, i forbundslandet Tirol i Austerrike. Toppen, som ligg for enden av fjelldalen Sulztal, høyrer med i fjellområdet Alpeiner Berge.

Nordaustsida av Schrankogel er dekt av ein snøbre som flyt over i isbreen Schwarzenbergferner, på alle andre kantar syner Schrankogel bratte bergsider.

Allereie 20. september 1821 steig botanikaren Johann Hargasser heilt opp under toppen av Schrankogel. Kring om 1840 vart presten Schöpf i Gries im Sulztal fyrstemann på toppen då han klatra opp vestegga.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Schrankogel» frå , den 28. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike Kategori:Tirol