Hocharn er eit 3 254 meter over havet høgt fjell i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom forbundslanda Kärnten og Salzburg i Austerrike. Fjellet er det høgste i Goldberg-massivet, og ligg i kring tre kilometer nordvest for det meir kjende, men lågare fjellet Hoher Sonnblick. Med si store høgde er Hocharn eit framifrå utsiktspunkt.

Hocharn vart vitja av menneske allereie i den tida det vart grave etter gull i fjellområdet, frå mellomalderen til tidleg i 1800-åra.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hocharn» frå , den 30. juli 2014.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Austerrike