Lawsonitt er eit kvitt mineral. Finst i spesielle lågmetamorfe bergartar som er sterkt deformerte, såkalla glaukofanskifer (California, Italia, Japan og fleire). Kjemisk sett er det eit vasshaldig kalsium-aluminium-silikat, CaAl2Si2O7(OH)2·H2O, med rombisk symmetri.

Det vart først skildra i 1895 etter ein førekomst på Tiburonhalvøya i Marin County i California. Det vart kalla opp etter den skotske geologen Andrew Lawson (1861–1952).Edson S. Bastin, «Biographical Memoir of Frederick Leslie Ransome, 1868-1935», National Academy of Sciences Biographic Memoirs XXII: 156 and Charles Palache with Frederick Leslie Ransome, «Uber Lawsonit, ein neues Gesteins-bildendes Mineral aus Californien" Zeits. Krist. 24 (1896): 588-592.

Kjelder Lawsonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/lawsonitt.

kategori:Kalsiummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Sorosilikat