Vladimir Ivanovitsj Vernadskij () var ein russisk (sovjetisk) mineralog og geokjemikar.
Han var professor ved universitetet i Moskva 1890–1911. Han grunnla det biogeokjemiske laboratoriet ved Vitskapsakademiet i Leningrad, som han òg leia i åra 1928–45. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av dei geokjemiske og biogeokjemiske vitskapane.
Ideane hans om noosfæren var eit viktig bidrag til russisk kosmisme. Han arbeidde òg i Ukraina under den russiske borgarkrigen, der han grunnla Det ukrainske vitskapsakademiet. I 1943 fekk han Stalinprisen.
Kjelder Vladimir Ivanovitsj Vernadskij. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
kategori:Kosmistar kategori:Geokjemikarar kategori:Medlemmar av Det nasjonale vitskapsakademiet i Ukraina kategori:Medlemmar av St. Petersburg vitskapsakademi kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet kategori:Folk frå St. Petersburg kategori:Russiske biologar kategori:Russiske mineralogar kategori:Sovjetiske mienralogar kategori:Ukrainske biologar kategori:Stalinprisen