Wolfgang Nordwig () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Chemnitz i Sachsen. Han tevla i stavhopp. Nordwig vann tre europameisterskap på rad, 1966, 1969 og 1971, før han i 1972 vart olympisk meister i øvinga. I tillegg tok han ein OL-bronse i 1968.
Aktiv Nordwig klarte sterke 5,01 meter i 1964, men sidan Tyskland hadde den sterkaste stavhopptroppen til OL fekk han ikkje billett til Tokyo. To år seinare vart han europameister i stavhopp med 5,10 meter, fem centimeter føre Christos Papanikolaou frå Hellas.
Under OL 1968 i Mexico-byen var Nordwig ein av aktørane i ei svært jamn og spanande stavhopptevling. Han var ein av tre hopparar som stoppa på 5,40 m, ein centimeter under verdsrekorden. Nordwig måtte nøye seg med bronsemedaljen, då gullmedaljøren Bob Seagren frå USA og sølvmedaljevinnaren Claus Schiprowski frå Vest-Tyskland klarde høgda før Nordwig. Ingen av dei tre makta å svinge seg over verdsrekordhøgda 5,45 m.
Både i 1969 og 1971 vann Nordwig stavhopptevlingane under europameisterskapane, og begge gongane hadde han sterkast konkurranse frå svensken Kjell Isaksson. I 1969 gjekk Nordwig over 5,30 m og vann med 10 cm margin, to år seinare auka han vinnarresultatet med fem cm og vann med same margin over Isaksson.
Nordwig forbetra verdsrekorden i stavhopp to gongar. 17. juni 1970 i Berlin sette han sin fyrste verdensrekord med 5,45 m og same året, den 3. september i Torino, forbetra han rekorden med ein centimeter til 5,46 m.
Under OL 1972 i München hoppa han 5,50 m i stavfinalen, ny olympisk rekord. Nordwig braut dermed den USA-amerikanske sigersrekka i stavhopping, det var fyrste gongen den olympiske gullmedaljen i stavhopp ikkje vart vunnen av ein frå USA.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 5,10 m, framom Christos Papanikolau (5,05 m) OL 1968 i Mexico by: Bronsemedalje – 5,40 m, bakom Bob Seagren (5,40 m) og Claus Schiprowski (5,40 m) EM 1969 i Athen: Gullmedale – 5,30 m, framom Kjell Isaksson (5,20 m) EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje – 5,35 m, framom Kjell Isaksson (5,30 m) OL 1972 i München: Gullmedalje – 5,50 m, framom Bob Seagren (5,40 m)
Kjelder Friidrott-65, Friidrott-69, Friidrott-72 og Friidrott-73. Denne artikkelen bygger på «Wolfgang Nordwig» frå , den 17. august 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske stavhopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972