Helga Seidler () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Oberneuschönberg i Sachsen. Ho vann to EM-gull i 1971 og vart olympisk meister i 1972 for Aust-Tyskland på 4x400 m stafett.

Aktiv Seidler vart i 1971 suveren europameister på 400 m under friidretts-EM i Helsingfors. Tida 52,14 sekundar var ei lita forbetring av hennar eigen seks veker gamle nasjonale rekord på distansen. Ho sprang så tredjeetappen for Aust-Tyskland då laget vann 4x400 m stafett på avslutningsdagen i meisterskapen.

Under sommar-OL 1972 i München vart Seidler nummer fire på 400 m, landsmannen Monika Zehrt vann OL-gullet. Dei to sprang dei to siste etappane for det austtyske laget som seinare i olympiaden sette ny verdsrekord med tida 3.22,9 og vann ein overbevisande siger framom USA.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Helga Seidler» frå , den 26. august 2014.

World Athletics

Kategori:Tyske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972