Tamara Natanovna Press () var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Kharkiv i Ukraina, som tevla i kulestøyt og diskoskast. Ho vann tre EM-gull og like mange OL-gull i tida 1958 til -64. Irina Press var den yngre systera hennar.
Aktiv Tamara Press vart europameister i diskoskast under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Ho sette då europarekord med 52,32 meter, men slo sølvvinnaren Stepánka Mertová frå Tsjekkoslovakia med berre 13 cm. Press tok så bronsemedaljen i kulestøyt med 15,53 m i sluttresultat, 21 cm bak europameisteren Marianne Werner frå Vest-Tyskland.
Til Sommar-OL 1960 i Roma hadde Press forbetra seg mykje i kulestøyt sidan 1958. Ho sette olympisk rekord frå kuleringen med 17,32 m og vann ein overlegen siger. I diskos fekk ho sølv, slått med to-ein-halv meter av landskvinna Nina Ponomarjova.
I europameisterskapen 1962 var Press utilnærmeleg i kuletevlinga. Ho sette verdsrekord med 18,55 meter, toaren Renate Garisch frå Aust-Tyskland stoppa på 17,17 m. Også i diskoskast tok Press ein suveren siger, over tre meter framom sølvvinnaren.
Press kopierte gullfangsten frå EM 1962 under sommarleikane 1964. I Tokyo vann ho ein klar siger i kuletevlinga, medan ho i diskos sikra seg gullmedaljen med ein margin på fattige seks centimeter til tyske Ingrid Lotz.
Merknadar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tamara Press» frå , den 27. august 2014.
Wolrd Athletics
Kategori:Sovjetiske diskoskastarar Kategori:Sovjetiske kulestøytarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964