«The Entertainer» er ein song av songaren Billy Joel gjeven ut som den einaste singelen hans frå albumet Streetlife Serenade i 1974. Singelen nådde 34. plassen på den amerikanske singellista.

Songen er ein kynisk og noko satirisk syn på den flyktige populariteten til ein musikar og korleis musikksmaken i tida endrar seg («Today I am your champion. / I may have won your hearts. / But I know the game. / You'll forget my name. / And I won't be here / in another year / if I don't stay on the charts.»). Dette temaet dukka opp att seinare i songen «It's Still Rock and Roll to Me». Eit anna vers i songen refererer til at ein tidlegare singel av Joel, «Piano Man», vart korta ned frå nesten seks minuttar til litt over tre minuttar for å passe radioformatet betre. I teksten syng han: «It was a beautiful song, / but it ran too long. / If you're gonna have a hit, you gotta make it fit. / So they cut it down to 3:05.» I tillegg var tida på etiketten til 7"-plata med «The Entertainer» 3:05, sjølv om lengda i røynda var 3:11 (og på albumet 3:41). På singelversjonen er det tredje verset klippa bort.

På somme singelutgåver av «The Entertainer» var B-sida «The Mexican Connection».

Lister Liste (1975) PlasseringAustralia89Canadahttp://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.6157a&type=1&interval=24&PHPSESSID=gondkfe55g0mrrdql056iaqj3630U.S. Billboard Hot 10034U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks30

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Entertainer (song)» frå , den 28. august 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1974 Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Billy Joel-songar Kategori:Songar skrivne av Billy Joel Kategori:Songar produserte av Michael Stewart