Christina Obergföll () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Lahr/Schwarzwald i Baden-Württemberg, som tevlar i spydkast. Ho vart verdsmeister i 2013 i Moskva, tidlegare hadde ho vunne fem sølvmedaljar og ein bronsemedalje i dei store internasjonale meisterskapane; OL, VM og EM. Hennar personlege rekord på 70,20 meter er frå 2007-sesongen.
Aktiv Obergföll tok sølvmedaljen i spydkastøvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki. Trass i at ho sette europarekord med eit kast på 70,03 meter, måtte ho sjå seg slått av Osleidys Menéndez frå Cuba som forbetra verdsrekorden til 71,70 meter. To år seinare kopierte Obergföll medaljefangsten i det neste friidretts-VM, sølvkastet målte 66,46, Barbora Špotáková frå Tsjekkia vart verdsmeister på ny landsrekord; 67,07 meter.
I 2008 fekk Obergföll bronsemedaljen under den olympiske spydtevlinga i Beijing. Både i 2010 og 2012 tok ho sølvmedaljen i friidretts-EM med kast på høvesvis 65,58 m og 65,12 m. I Barcelona i 2010 hamna ho vel meteren bak landsmannen Linda Stahl, medan ho i Helsingfors i 2012 vart slått av Vira Rebryk frå Ukraina med halvannan meter og vel så det. Seks veker etter europameisterskapen i Helsinki vann Obergföll OL-sølv med eit kast som var fire centimeter kortare enn bestekastet i EM. I London var det verdseinaren Barbora Špotáková som tok gullmedaljen.
Under verdsmeisterskapen i friidrett i 2013 i Moskva skulle det endeleg lukkast for Obergföll. I andre omgangen smelte ho til med 69,05 m og tok ei klar leiing føre Kimberley Mickle frå Australia som med 66,25 meter. I siste omgang sikra Mickle sølvmedaljen med eit kast på 66,60 m, men ingen kunne gjere noko med Obergföll i gullkampen. Etter ein fjerdeplass i VM 2015 og åttandeplass i Sommar-OL 2016 la ho opp.
Obergföll er gift med Boris Henry.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Uslått i kvalifiseringa (60,41 m =nr 15) VM 2005 i Helsinki: Sølvmedalje – 70,03 m, bakom Osleidys Menéndez (71,70 m) EM 2006 i Göteborg: Nr 4 – 61,89 m VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje – 66,46 m, bakom Barbora Špotáková (67,07 m) OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 66,13 m, bakom Barbora Špotáková (71,42 m) VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 64,34 m EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 65,58 m, bakom Linda Stahl (66,81 m) VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 65,24 m EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 65,12 m, bakom Vira Rebryk (66,86 m) OL 2012 i London: Sølvmedalje – 65,16 m, bakom Barbora Špotáková (69,55 m) VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 69,05 m, framom Kimberley Mickle (66,60 m) VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 64,61 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 8 – 62,92 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Christina Obergföll» frå , den 22. september 2014.
World Athletics
Kategori:Tyske spydkastarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015