Hasbeya eller Hasbeiya (arabisk حاصبيا) er ein by i Libanon, som ligg kring 50 km vest for Damaskus, ved foten av Hermon, oppom eit djupt amfiteater. I 1911 var det kring 5000 innbyggjarar her.

Hasbaya er senteret i Wadi El Taym, ein lang frodi dal som går parallelt til vestsida av foten til Hermon.

Hermon som med ei høgd på 2745 meter over havet, dominerer utsynet i Wadi El Taym, var ein heilag stad for kanaanittane og fønikarane. Romarane rekna òg staden som heilag og bygde mange tempel i fjellsida.

Hasbaya er hovudsakleg busett av drusarar med somme kristne.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hasbaya» frå , den 24. september 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Nabatieh guvernement Kategori:Hasbaya distrikt