Genesaretsjøen er den største ferskvassinnsjøen i Israel. Han er hjarteforma med ei kystlinje på 53 km, er kring 21 km lang og 13 km brei. Innsjøen har eit areal på 166,7 km² og den største djupna er 43 meter. Genesaretsjøen ligg mellom 215 og 209 meter under havnivå, og er med dette den lågastliggande ferskvassjø på jorda og den nest lågaste innsjøen etter Daudehavet, som er ein saltvassjø.I 1996 vart den subglasiale Vostoksjøen oppdaga, som ligg 200-600 meter under havnivå, men er dekt av eit tjukt islag i Antarktis. Innsjøen får delvis vatn frå undervasskjelder, men hovudkjelda er Jordanelva som flyt frå nord til sør.

Sjøen er også kjend som Galileasjøen, Tiberiassjøen og Ginossarsjøen. På hebraisk heiter han Yam Kinneret (יָם כִּנֶּרֶת, arameisk יַמּא דטבריא), på arabisk Bahr Tabariye (بحيرة طبريا).

Geografi Genesaretsjøen ligg nordaust i Israel, nær Golanhøgdene i Jordandalen, dalen skapt av skilje mellom den afrikanske og den arabiske plata. Området er utsett for jordskjelv, og tidlegare òg vulkansk aktivitet. Dette syner seg i massar av basalt og andre vulkanske bergartar som former geologien i Galilea.

Historie

Antikken mini|venstre|Kristus syner seg ved breidda av Genesaretsjøen - James Tissot (Brooklyn Museum) mini|Stranda i Genesaretsjøen

Genesaretsjøen ligg ved den gamle Via Maris, som knytte Egypt til dei nordleg rika. Grekarane, hasmonarane og romarane grunnla velståande byar og busetnader som Gadara, Hippos og Tiberias. Historikaren Flavius Josefus frå det første hundreåret var så imponert at han skreiv «Ein kan kalle denne staden ambisjon.» Josefus skreiv òg at det var ein fiskeindustri her på denne tida, med 230 båtar som arbeidde fast i innsjøen. Arkeologar oppdaga ein slik båt, som fekk namnet «Jesusbåten», i 1986.

Mange av gjerningane til Jesus skjedde ved breidda av Genesaratsjøen. På denne tida var det stadig utvikling av landsbyar og busetnader kring innsjøen med mykje handel og ferjefrakt. Dei synoptiske evangelia Markus- (1:14–20), Matteus- (4:18–22) og Lukasevangaliet (5:1–11) skildrar korleis Jesus rekrutterte fire av dei tolv disiplane frå breidda av innsjøen: fiskaren Simon og broren Andreas og brørne Johannes og Jakob. Ein av dei kjende hendingane med Jesus, Bergpreika, skal ha funne stad på ein ås oppom innsjøen. Mange av mirakla hans skal ha skjedd her, som då han gjekk på vatnet, fekk uvêret til å forsvinne, då disiplane fange ei båtlass med fisk og metting av fem tusen menneske (i Tabgha).

I 135 vart Bar Kokhba-opprøret slått ned her. Romarane svarte på opprøret med å forvise alle jødar frå Jerusalem. Senteret for jødisk kultur og lære vart flytta til regionen kring Galilea og Genesaretsjøen, særleg byen Tiberias. Det var i denne regionen den såkalla «Jerusalem-Talmud» vart samla.

Mellomalderen Under Austromarriket førte rolla innsjøen spelte i livet til Jesus til at han vart ein viktig pilegrimsstad. Innsjøen vart mindre viktig då bysantinarane mista kontrollen over området og det kom inn under omajadane og påfølgjande muslimske rike. Utanom Tiberias, vart dei store byane i området mindre viktige. Khirbat al-Minya-palasset vart bygd ved innsjøen under regjeringsatida til omajade-kalifen al-Walid I (705–715 ). I 1187 slo Saladin armeane til krossfararane i slaget ved Hattin, stort sett fordi han klarte å hindre krossfararane ferskvatn frå Genesaretsjøen.

Moderne tid mini|Genesaretsjøen ved Tiberias i 1891. Tidleg i osmansk tid var innsjøen lite viktig i Det osmanske riket. Det jødiske samfunnet i Tiberias fekk ei oppblomstring på 1500-talet, men var sidan gradvis i fall, fram til 1660, då byen vart fullstendig øydelagt. Tidleg på 1700-talet vart Tiberias bygd opp att av Daher al-Omar, og vart eit senter for styret hans over Galilea, og det jødiske samfunnet der blomstra på ny.

I 1909 grunnla jødiske pionerar den første kollektive jordbrukslandsbyen (kibbutz), Kvutzat Kinneret like i nærleiken av innsjøen. Busetnaden lærte opp jødiske emigrantar i jordbruk. Seinare grunnla pionerane frå Kvutzat Kinneret Degania Alef kibbutz. Kvutzat Kinneret vert rekna som fødestaden til kibbutz-kulturen i den tidlege sionismen. Kibbutzen er fødestaden til Naomi Shemer og gravstaden til Rachel, to av dei mest kjende diktarane i Israel.

I 1917 slo britane dei osmanske tyrkarane og tok kontroll over Palestina, medan Frankrike tok kontroll over Syria. I oppdelinga av dei osmanske territoria mellom Frankrike og Storbritannia, var det semje om at Storbritannia skulle ta kontroll over Palestina, medan Frankrike fekk Syria. Dei allierte måtte ordne ei grense mellom Palestinamandatet og Det franske mandatet for Syria. Grensa vart definert i grove trekk av ein avtale frå desember 1920, som trekte grensa midt over innsjøen.Franco-British Convention on Certain Points Connected with the Mandates for Syria and the Lebanon, Palestina and Mesopotamia, signert 23. desember 1920. Teksten finst i American Journal of International Law, Vol. 16, No. 3, 1922, 122–126. Men avtalen frå 1920 vart trekte attende. Sionistrørsla la press på franksmennene og britane for å få så mange vasskjelder som mogeleg til Palestinamandatet under grenseforhandlingane. Høgkommisæren for Palestina, Herbert Samuel, prøvde å få full kontroll over Genesaretsjøen.The boundaries of modern Palestine, 1840–1947 (2004), av Gideon Biger. Publisher Rutledge Curzon. ISBN 978-0-7146-5654-0, s. 130. Forhandlingane førte til at heile Genesaretsjøen vart ein del av Palestina, begge sider av Jordanelva, Hulasjøen, Dan-kjelda og delar av Yarmouk.The boundaries of modern Palestine, 1840–1947, s. 150. og 130. Den endelege grensa i 1923 følgde ei 10 meter brei strip langs nordaustkysten av innsjøen,The boundaries of modern Palestine, 1840–1947, s. 145. slik at Det franske mandatet i Syria ikkje hadde tilkomst til innsjøen.

Den britisk-franske avtalen gjorde at eksisterande rettar til bruk av vatnet i Jordanelva av innbyggjarane i Syria vart verande slik dei hadde vore. Syria fekk rett til å bygge ein ny kai ved Semakh ved Genesaretsjøen eller bruke eksisterande kaiar i lag med britane. Personar eller varer som vart sett i land i Semakh kom ikkje til å verte underlagt tollreguleringar. Innbyggjarane i Syria og Libanon skulle få dei same fiskerettane i Hulasjøen, Genesaretsjøen og Jordanelva, medan styresmaktene i Palestina var ansvarleg for styret over innsjøane.Agreement between His Majesty's Government and the French Government respecting the Boundary Line between Syria and Palestine from the Mediterranean to El Hámmé, Treaty Series No. 13 (1923), Cmd. 1910. Page 7.

Den 15. mai 1948 invaderte Syria den nye staten Israel,The arabarar-israelske Conflict a brief history og erobra territorium langs Genesaretsjøen. The Year of 1948 Med våpenkvileavtalen i 1949 mellom Israel og Syria, okkuperte Syria nordaustkysten av Genesaretsjøen. I følgje avtalen vart det sagt at våpenkvilelinja ikkje skulle tolkast som å ha noko å gjere med ulitmate territorialfordelingar. Syria hadde kontroll over nordaustkysten fram til seksdagarskrigen i 1967.

I 1950-åra formulerte Israel ein plan om å knyte Genesaretsjøen med resten av landet via kanalar og røyr for å gje vatn til det veksande landet. Dette vart fullført i 1964. Omleinga av vatnet frå Jordanelva førte til uro i området, og stundom konfrontasjonar langs Jordanelva. Sjøen er i dag det største vassreservoaret i Israel.

Arkeologi Under ei sonarundersøking i 2003 (publisert i 2013), fann arkeologar ein enorm kjegleforma steinstruktur. Strukturen hadde ein diameter på kring 70 meter og var laga av store steinar. Ruinane vart estimert til å vere mellom 2 000 og 12 000 år gamle, og ligg kring 10 meter under vatn. Forskarar meiner at staden minnar om tidlege gravfunn i Europa og vart truleg bygd tidleg i bronsealderen.

Næringsliv mini|Hotell i Tiberias ved vatnet. mini|Tilapia zilli («St. Petersfisk»), servert på ein restaurant i Tiberias.

I dag er turismen ved Genesaretsjøen hovudnæringa i heile regionen. Det finst mange historiske stader kring innsjøen, særleg ved hovudbyen Tiberias, som vert vitja av millionar av lokale og utanlandske turistar kvart år. Genesaretsjøen trekkjer til seg mange kristne pilegrimar, fordi det var her Jesus i følgje Det nye testamentet utførte mange av mirakla sine. Ein av dei mest populære pilegrimsstadane er staden der Jordanelva munnar ut i Genesaretsjøen, der talrike pilegrimar kvart år kjem får å døypast.

Andre næringar i området er fiske i innsjøen og jordbruk. Vatn frå sjøen blir mellom anna brukt til kunstig vatning i Negev.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sea of Galilee» frå , den 30. september 2014.

Bakgrunnsstoff

World Lakes Database om Genesaretsjøen Bibleplaces.com: Genesaretsjøen Virtuelt kart over Israel: Genesaretsjøen

Kategori:Innsjøar i Riftdalen Kategori:Innsjøar i Israel Kategori:Stader i det nye testamentet Kategori:Stader i Bibelen Kategori:Turistmål i Israel Kategori:Katolske pilegrimsstader Kategori:Heilage innsjøar Kategori:Innskrumpa innsjøar