Brothers in Arms er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 13. mai 1985 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Brothers in Arms nådde toppen av albumlistene verda over og låg ti veker på toppen av UK Album Chart (mellom 18. januar og 22. mars 1986), ni veker på toppen av Billboard 200 i USA og 34. veker på toppen av den australske albumlista. I Noreg låg albumet 12 veker på toppen av lista og i alt 49 veker inne på Topp 40. Albumet er det åttande bestseljande albumet i Storbritannia, er sertifisert til ni gonger platinaplate i USA og er eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene med over 30 millionar eksemplar.

Albumet vann to Grammyprisar i 1986, og vann beste britiske album på Brit Awards i 1987. Magasinet Q plasserte det på 51. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.

Innspeling Brothers in Arms vart spelt inn frå november 1984 til mars 1985 ved AIR Studios på øya Montserrat, eit Britisk oversjøisk territorium i Karibia. Albumet vart produsert av Mark Knopfler og Neil Dorfsman. Knopfler vart kjend med Dorfsman gjennom arbeidet hans på albumet Wanderlust av jazzvibrafonisten Mike Mainieri i 1981. I 1982 bad Knopfler Dorfsman om å arbeide med han på Dire Straits-albumet Love over Gold, og filmmusikken til Local Hero i 1983. Brothers in Arms var eit av dei første albuma som vart spelt inn på ein 24-spors digitalopptakar. Denne avgjersla kom av at Knopfler stadig søkte etter betre lydkvalitet. «Ein av tingene eg absolutt respekterte han for», sa Dorfsman, «var interessa hans i teknologi for å betre musikken hans. Han var alltid villig til å bruke utstyr av beste kvalitet».

Før han kom til Montserrat hadde Knopfler skriven alle songane og øvd dei inn med bandet. Studiobesetninga var Knopfler (gitar), John Illsley (bass), Terry Williams (trommer), Alan Clark (piano og Hammond B3) og Guy Fletcher, som var ny i bandet, og spelte ein synth-rig som bestod av ein svær Yamaha DX1, fleire Roland klaverinstrument og ein Synclavier.

Utgjeving Brothers in Arms var eit av dei første albuma som vart retta mot CD-marknaden, og var ei heilt digital innspeling (DDD) på ei tid då det meste av popmusikken vart spelt inn på analogt utstyr. Albumet vart òg gjeve ut på vinyl (forkorta til å passe inn på ei LP-plate) og kassett.

Brothers in Arms var det første albumet som selde ein million eksemplar på CD, og som selde betre enn LP-versjonen. Ein Rykodisc-tilsett sa seinare, «[I 1985] kjempa me for å få CDane våre produserte fordi heile produksjonskapasiteten i verda var overfløymd av etterspurnaden for ei enkel plate (Dire Straits' Brothers in Arms)».

Plata vart remastra og gjeve ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 for det meste av verda utanom USA, og den 19. september 2000 i USA. Han vart òg gjeven ut på XRCD2 i 2000, og for 20-årsjubileet i Super Audio CD-format den 26. juli 2005 og DualDisc-format med DVD-Audio 24 bit/96 kHz den 16. august 2005, remiksa i 5.1 av Chuck Ainlay og vann ein Grammy for beste kringlydalbum.Billboard 18 Feb 2006 Billboard Henta: 14. september 2014.

I 2006 vart ein vinylversjon på halv snøggleik gjeve ut. Han vart mastra av Stan Ricker og bestod av fire sider på 33 1/3 rpm, med heile songane på vinyl for første gongen.

I 2013 vart ein hybrid SACD mastra frå dei originale lydbanda på Mobile Fidelity Sound Lab.

Komposisjonar «Money for Nothing» var ein av dei mest spelte musikkvideoane på MTV i denne tida. Han er ein av berre to Dire Straits-songar på eit studioalbum som ikkje er skriven av Mark Knopfler – Sting var med på å skrive songen.

«Walk of Life» vart ein stor hit for bandet i 1986 og nådde andreplassen i Storbritannia og sjuandeplassen i USA. Songen vart nesten utelaten frå albumet, men teken med etter at bandet fekk siste ordet over produsent Neil Dorfsman.

På den andre sida av albumet fokuserer tre av songane («Ride Across the River», «The Man's Too Strong» og «Brothers in Arms») på militarisme.

«Ride Across the River» nyttar seg av latinamerikanske bilete, i lag med ei panfløyte på synthesizer, ein reggae-aktig rytme og skumle bakgrunnslydar. «The Man's Too Strong» omhandlar ein gammal soldat (eller krigsforbrytar) og frykta hans for å syne kjensler som ein svakheit. «Brothers in Arms» omhandlar det meiningslause med krig.

Plateomslag Gitaren på omslaget er Mark Knopfler sin National Style 0 Resonator frå 1937. Style 0-merket vart introdusert i 1930 og lagt ned i 1941. Fotografen var Deborah Feingold. Den same gitaren vart nytta, med liknande fargar for eit album i 1989 kalla The Booze Brothers av Brewers Droop. Sjølv om det vart spelt inn i 1973, vart ikkje albumet av Brewers Droop gjeve ut før i 1989, då det vart oppdaga at albumet hadde involvert Dave Edmunds med Pick Withers og Mark Knopfler i besetninga.The Guinness Encyclopedia of Popular Music, ISBN 0-85112-939-0 Baksida av omslaget er eit måleri av den same gitaren, av den tyske kunstnaren Thomas Steyer.

Platemeldingar

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner, og gjev både musikkvideoen til «Money for Nothing» og Knopfler sin «auka kjensle for å skrive popsongar» som årsaka til den store populariteten albumet oppnådde. Det «uutslettelege gitarriffet» på «Money for Nothing», den fengande, livlege boogien i «Walk of Life», melodiane i «So Far Away» og den Everly Brothers-aktige «Why Worry», den jazzaktige «Your Latest Trick», og den steinharde «Ride Across the River»—Dire Straits hadde «aldri vore så konsis eller poporientert, og det kledde dei bra». Erlewine konkluderte med albumet er «eit av dei mest fokuserte og fullendte albuma deira, og i den fyldige popkjensla, skil det seg ut i katalogen deira».

I meldinga si for Rolling Stone gav Debby Bull albumet middels kritikk, og hylla den «forsiktige utforma» låtskrivinga. «Plata er vakkert produsert, med den fantastiske gitaren til Mark Knopfler i sitt beste lys». Ho fann tekstane bra, men skreiv at temaa «ikkje er så interessante som dei brukte å vere på plater som Making Movies». Trass i produksjonen og dugande bidrag frå gjesteartistar som trommeslagar Omar Hakim og Brecker Brothers, konkluderte Bull med at «musikken manglar den smerten som gjorde dei nylege filmmusikkalbuma til Knopfler, Comfort and Joy og Cal, så mektige».

Robert Christgau gav albumet B–, og skreiv at «den første sida flyttar seg med enkel sjenerøsitet, ikkje ein dyd ein knyter til denne studiogitaristen sin egotripp. Men det er for seint for den gamle bluesguten å suge oss inn i drøvtygginga hans av truløysheita til kvinna det nyttelause i politisk kamp, og «Money for Nothing» er òg ein standard av pophykleri».

Lovord I 1986 vann Brothers in Arms to Grammyprisar og i 1987 årets album på Brit Awards. I 2000 plasserte magasinet Q albumet på 51. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene. I 2003 rangerte Rolling Stone albumet på 351. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

I november 2006 kom albumet på 64. plass i ei australsk undersøking over dei 100 beste albuma.

I juni 2012 var Brothers in Arms det sjuande mestseljande albumet i Storbritannia gjennom tidene, det fjerde mestseljande i Australia, det 18. mestseljande i Frankrike og det 109. bestseljande i USA. I Nederland har albumet framleis rekorden for det albumet som har lege lengst inne på albumlista med 269 veker (ikkje samanhengande).

Den britiske journalisten Robert Sandall skreiv:

Innhald

CD og kassett

LP LP-versjonen inneheldt nedkorta songar for at alt skulle få plass på ei enkel plate.

Medverkande Dire Straits Mark Knopfler – gitarar, solovokal John Illsley – bass, vokal Alan Clark – klaverinstrument Guy Fletcher – synthesizer, korvokal Omar Hakim – trommer Terry Williams – trommer

Andre musikarar Michael Brecker – tenorsaksofon Randy Brecker – trompet Malcolm Duncan – tenorsaksofon Neil Jason – bass Tony Levin – bass Jimmy Maelen – perkusjon Michael Mainieri – vibrafon Dave Plews – horn Jack Sonni – gitar Sting – korvokal (2)

Produksjon Mark Knopfler – produsent Neil Dorfsman – produsent, lydteknikar Steve Jackson – assisterande lydteknikar Bruce Lampcov – assisterande lydteknikar John Dent – mastering Sutton Cooper – fotografi (omslag) Deborah Feingold – fotografi Thomas Steyer – måleri

Lister Brothers in Arms var ein stor salssuksess verda over: I Australia var albumet det bestseljande albumet i 1985 og det nest bestseljande i 1986. Det toppa albumlista i 34 veker (ikkje samanhengande) og er det albumet som har lege nest lengst på toppen av albumlista i Australia. I Nederland braut albumet rekorden for å ligge lengst inne på albumlista med 269 veker. I Storbritannia nådde albumet førsteplassen og låg inne på lista i 228 veker. I USA nådde albumet førsteplassen på Billboard 200 og låg der i ni veker. Albumet toppa òg listene i Austerrike, Belgia, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Hong Kong, Island, Irland, Israel, New Zealand, Noreg, Portugal, Spania, Sverige, Sveits, Tyrkia og Jugoslavia.

Album Liste (1985)PlasseringAustralia1Austerrike1Belgia1Canada1Nederland1Finland1Frankrike1Tyskland1Hellas1Irland1Israel1Italia4Noreg1New Zealand1Portugal1Sverige1Sveits1Tyrkia1UK Album Chart1US Billboard 2001

Plass på lister over alle tider LandPlasseringAustralia3Austerrike14Nederland1Frankrike18Noreg36New Zealand9Sveits26UK Album Chart8

Singlar ÅrSongUSUS RockAustraliaAusterrikeNederlandFrankrikeItaliaNoregSverigeSveitsUK1985 «Money for Nothing» 1 1 4 7 27 34 – – – – 41985 «One World» – 8 – – – – – – – – –1985 «So Far Away» – 29 22 – 23 – 33 4 7 6 201985 «Brothers in Arms» – – 57 – 59 – – – – – 161986 «Walk of Life» 7 6 11 18 20 – – – – 24 21986 «Ride Across the River» – 21 – – – – – – – – –1986 «So Far Away» 19 – – – – – – – – – –1986 «Your Latest Trick» – – – – – 1A – – – – 26 A – nådde førsteplassen i Frankrike i 1993.

Prisar Grammyprisen ÅrVinnarKategori1985Brothers in ArmsBeste lydteknikar, ikkje-klassisk1985"Money for Nothing"Beste rockesong av duo eller gruppe med vokal2006Brothers in ArmsBeste kringlydalbum

Sal og salstrofé

Fotnotar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brothers in Arms (Dire Straits album)» frå , den 22. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff Brothers in Arms på den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Dire Straits-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Mobile Fidelity Sound Lab-album Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Belgia Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Danmark Kategori:Nummer-ein-album i Finland Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Hellas Kategori:Nummer-ein-album i Irland Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand Kategori:Nummer-ein-album i Portugal Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Tyrkia 352 418