MS «Midhordland», i dag «Akgünler II», er eit motorskip levert frå Westamarin i Mandal i november 1981 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab og gjekk inn i ruta mellom Bergen og Sunnhordland. Alt året etter, i 1982, vart båten omdøypt «Midthordland» etter store protestar på det opphavlege namnet. Frå 1982 til april 1994 gjekk båten i Haugesundsruta, Haugesund - Kopervik - Føresvik - Stavanger.
Båten vart seld i mai 1994 til Nornholmerpilen AB i Malmö i Sverige og omdøypt «Delfinen». Ho gjekk då i ruta København - Rönne. Same året vart båten seld til Köpenhavnspilen AB i Malmö, og vart sett inn i ruta mellom Malmö og København.
5. juni 2002 fekk båten tyrkiske eigarar då han vart seld til Akgünler Isletmeleri Sti. Ltd. i Mersin i Tyrkia. Båten gjekk i ruta Girne - Alanya. Registreringshavna vart endra til ukjend flagg. I 2011 er båten framleis i fart.
Kjelder Skipet.no Norsk hurtigbåthistorie
Kategori:Norske snøggbåtar Kategori:Båtar frå Agder Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1981 Kategori:Skip bygde ved Westamarin Kategori:1981 i Noreg