Djønno er ei fruktbygd på Oksenhalvøya i Voss herad. Grenda ligg nedmed sjøen på vestsida av Eidfjorden, om lag 6 km sørom Hardangerbrua.
Næraste nabogrenda er Kaland, som ligg om lag ein km lenger innetter Eidfjorden.
Vegutløysing fekk Djønno fyrst i 1981, før den tid gjekk persontrafikk og godsfrakt til og frå grenda med båt. No er det ofte enklare for folk frå Djønno å reise til nabokommunane Granvin og Ulvik enn til kommunesenteret Kinsarvik i Ullensvang. Ungane frå Djønno går i dag på skule i Granvin.
Stadnamnet vert også bruka som etternamn, men då vert det skrive «Djønne».
Bakgrunnsstoff Nettside om Djønno Djønno Nabolag https://www.facebook.com/groups/1579816338948676
Kategori:Busetnader i Ullensvang Kategori:Bygder i Vestland