Lesbiinae er ein av dei seks underfamiliane som utgjer familien kolibriar med 124 av alle ca. 365 kolibriartar. Underfamilien er delt inn i to biologiske tribus (stammar): Heliantheini («briljantar») som inneheld 13 slekter og Lesbiini («koketter») som inneheld 18 slekter.

Fylogeni

Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at familien bestod av ni klader. Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar og foreslo å bruke namnet Lesbiinae for ein underfamilie som inneheld stammane Heliantheini og Lesbiini. Underfamilien Lesbiinae vart første gongen introdusert av Ludwig Reichenbach i 1854.

Molekylær fylogenetiske studiar av Jimmy McGuire og medarbeidarar publiserte mellom 2007 og 2014 bestemde forholdet mellom hovudgruppene av kolibriar. I kladogrammet nedanfor er dei engelske namna introduserte i 1997. Dei latinske namna er dei som vart foreslått av Dickinson og Remsen i 2013.

Kladogram for kolibrifamilien:

Oversyn over slekter For oversyn av biologiske slekter og artar i Lesbiinae, sjå lister for stammane Heliantheini Lesbiini

Kjelder

Artikkelen inneheld omsett tekst frå «Lesbiinae» frå , den 19. april 2023

Referansar

Kategori:Kolibrifamilien