Alberto Tomba () er ein italiensk tidlegare alpinist frå Bologna som vann verdscupen i alpine greiner i 1995. Han vann tre OL-gull i 1988 og -92 og vart den første utøvaren som tok gull i alpine øvingar i to OL på rad. Under alpint-VM 1996 vart han dobbeltvinnar med sigrar i slalåm og storslalåm. I tida november 1987 og mars 1998 vann Tomba 50 renn i verdscupen; 35 i slalåm og 15 i storslalåm. Tomba deltok ikkje i andre øvingar enn slalåm og storslalåm.

Merittar VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana: Bronse i storslalåm Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedaljar i slalåm og storslalåm Vinter-OL 1992 i Albertville: Gullmedalje i storslalåm, sølvmedalje i slalåm Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Sølvmedalje i slalåm VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada: Gullmedaljar i slalåm og storslalåm VM i alpine greiner 1997 i Sestriere: Bronse i slalåm

Tomba la opp som alpinist i 1998.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Italienske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994 Kategori:Italienske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1998