Deir al-Asad (hebraisk דֵיר אֶל-אַסַד; arabisk دير الأسد) er ein arabisk by i Galilea i Israel, nær Karmiel.Lessons in an Arab Israeli Village I 2003 vart kommunen Deir al-Asad slått saman med Majd al-Krum og Bi'ina til byen Shaghur, men då bykommuenn vart oppløyst i 2008 vart kommunen oppretta på ny. I 2011 var folketalet 8 000.
Historie I krossfarartida var staden ein kristen busetnad, La Bana, med eit kloster kalla opp etter St. Georg i nærleiken. Då Det osmanske riket tok over, vart dei kristne drivne ut av sultan Suleiman I og etterkomarane deira slo seg sidan ned i den nærliggande busetnaden Bi'ina. Landområdet til den opphavleg kristne busetnaden og kloster vart gjeven av sultanen til sjeiken Al-Asad A-Zaffah frå Safed og sistnemnde grunnla den noverande landsbyen.
Deir al-Asad og den nærliggande Bi'ina var begge busette av drusarar då Victor Guérin vitja staden i 1875,Guérin, 1880, s. 446 men seint i 1870-åra, hadde dei emigrert til Hauran for å unngå å verte innkalla i den osmanske hæren.Firro, 1992, s. 166. I Palestine Exploration Fund sin Survey of Western Palestine (SWP) i 1881 vart Deir al-Asad skildra som ein landsby med 600 muslimar og nokre ruinar av den originale kristne busetnaden. Han var omgjeven av oliventre og dyrkbar mark, med ei kjelde i nærleiken.Conder and Kitchener, 1881, SWP I, s. 150
Byen er hovudsakleg busett av familiane Asadi og Dabbah.
I folketeljinga i 1922, utført av Det britiske mandatet, hadde Dair al-Asad eit folketal på 749, alle muslimar.Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Akko, s. 36 I folketeljinga i 1931 hadde Deir al-Asad 858 muslimske innbyggjarar som budde i 179 hus.Mills, 1932, s. 100 I 1945 hadde Deir el Asad 1 100 innbyggjarar, all klassifisert som arabarar. Dei eigde i alt 8 366 dekar med land, medan 7 dekar var offentleg.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s. 40. 1 322 dekar var plantasjar og irrigerte landområde, der 1 340 vart nytta til korn,Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 80 medan 38 dekar var utbygd (urbane) område.Government of Palestina, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 130
Før 1962 var landsbyen Deir al-Asad sjølvforsynt med mat. Det vart produsert nok kjøt, frukt, kveite og grønsaker og overskotet vart seld i Akko eller Nasaret. I 1962 vart landområde i Majd al-Kurum-dalen konfiskert for byprosjektet Karmiel, og landsbyen vart derfor strippa for dei mest frodige områda. Berre åslandet i nord, som hovudsakleg bestod av olivenlundar, vart verande i fred. Dette konfikserte landet ruinerte økonomien i Deir al-Asad. I dag driv berre 10 % av arbeidsstyrken på landområdet, og 80 % pendlar dagleg til fabrikkar i Haifa eller arbeider på jødiske gardar.Gilmour, 1983, s. 108.Amun, Davis, og San´allah, 1977, s. 4–5.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Deir al-Asad» frå , den 6. desember 2014. oppgav desse kjeldene:
(s. 167 - 169 )
Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Muslim Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
Bakgrunnsstoff SWP map III Velkomen til Dayr al-Asad
Kategori:Kommunar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel