thumb|Eit opent brot før og etter kirurgisk inngrep Knokkelbrot, beinbrot eller fraktur (stundom forkorta FRX eller Fx, Fx eller #) er ein medisinsk tilstand der det har oppstått eit brot i kontinuiteten av ein knokkel. Det kan skuldast sterke støyt eller stress, eller minimal trauma som følgje av svake knoklar, som til dømes i personar med osteoporose, knokkelsvulstar eller osteogenesis imperfecta; desse vert kalla spontanfrakturar eller patologiske frakturar.
Omgrepa «brote bein» og «knekt bein» er mykje brukt i ålmenta, men dei vert ikkje rekna som formelle ortopediske omgrep.
Teikn og symptom Sjølv om knokkelvev ikkje inneheld smertereseptorar, kan knokkelbrot likevel vere smertefullt av ulike grunnar, som til dømes ved: brot i kontinuiteten av knokkelhinna (periost) eller endost, sidan begge inneheld smertereseptorar. ødem i nærliggjande blautvev som følgje av bløding frå blodårer i knokkelhinna kan skape trykksmerter. muskelspasmar som prøver å halde knokkelfragmenta på plass.
Skade på kringliggjande strukturar som til dømes nervar og blodårer, ryggmerg eller nerverøter (ved ryggbrot), eller skalleinnhaldet (ved kraniebrot), kan føre til andre spesifikke teikn og symptom.
Diagnose mini|Radiografi av beinet for å stadfeste eventuelle brot etter ei kneskade Knokkelbrot kan diagnostiserast klinisk på grunnlag av historia som vert gjeven, samt den fysiske undersøkinga. Røntgenbilete vert ofte tatt for å stadfeste brotet. Computertomografi (CT) og magnetresonanstomografi (MRI) kan vere naudsynt i tilfelle der røntgen ikkje er tilstrekkeleg.
Klassifisering thumb|Samanlikn friske bein med ulike brot: (a) lukka brot, (b) opent brot, (c) tverrbrot, (d) spiralbrot, (e) impaktert brot, (g) greenstick-brot og (h) skråbrot. thumb|Opent ankelbrot med kraftig luksasjon (forskyvd knokkelende) Omgrepa brot og fraktur er synonyme og kan nyttast om einannan. I somme namngjevne brot er det vanleg å nytte fraktur, til dømes komminutt fraktur, men det er valfritt, og ein kan òg kalle det for eit komminutt brot. I denne artikkelen er bruken vekslande og basert på bruksfrekvensen blant medisinske tidsskrift og andre respekterte, medisin-relaterte kjelder; der fleire variantar er vanleg, er desse nemnd.
Mekanisme Traumatisk fraktur — brot etter tileigna traume, t.d. etter fall, trafikkulukke, slåstkamp osb. Spontanfraktur eller patologisk fraktur — brot som følgje av underliggjande sjukdom i knoklane, t.d. brot i ein knokkel med metastase. Osteoporose er den vanlegaste spontanfrakturen. Periprostetisk fraktur — brot i nærleik av ein mekanisk veikskap rundt eit implantat
Blautvev Lukka brot — brot der den overliggjande huda er intakt Opent brot — brot der såret kommuniserer med brotet, eller der hematom er synleg slik at såret er «opent» og utsett for kontaminasjon. Opne brot er i større fare for å verta infiserte. Stundom feilaktig kalla «komplisert brot». Reint brot Kontaminert brot Forskyving Ikkje-forskyvd Forskyvd Translasjon Angulert Rotert Forkorta Frakturmønster Lineært brot — eit brot som ligg parallelt til knokkelaksen Tverrfraktur eller tverrbrot – eit brot som ligg perpendikulært til knokkelaksen Skråfraktur eller skråbrot – eit brot som ligg diagonalt til knokkelaksen Spiralfraktur eller spiralbrot – eit brot der minst éin del av knokkelen er vridd som følgje av dreiemoment Kompresjonsfraktur – oppstår oftast i ryggvirvlane, til dømes når framdelen av ryggvirvelen kollapsar som følgje av osteoporose (ein medisinsk tilstand som fører til at knoklane vert skjøre og lett brotnar, med eller utan trauma) Impaktert brot – eit brot der knokkelfragmenta vert knuste inn i einannan Avulsjonsfraktur eller avulsjonsbrot – eit brot der eit knokkelfragment vert skild frå hovudmassen
Fragment Inkomplett brot — eit brot der knokkelfragmenta delvis heng saman. Det er eit knekk i knokkelvevet, men det strekker seg ikkje på tvers av heile knokkelen. Komplett brot — eit brot der knokkelfragmenta er fullstendig fråskilde Komminutt fraktur (brot) — eit brot der knokkelen er knust i fleire delar
Anatomisk plassering Kraniebrot Basisfraktur eller basisbrot Blowout-fraktur (indre orbitafraktur) — fraktur i veggane og golvet av augehòla Mandibelfraktur eller underkjevebrot Nasebrot eller nasefraktur Le Fort-fraktur i hovudskallen — andletsfraktur i overkjeveknokkelen og kringliggjande strukturar; oftast bilateralt (tosidig) og anten horisontalt, pyramidalt eller transversalt. Ryggbrot Ryggvirvelbrot Fraktur i C1, inkludert Jefferson-fraktur Fraktur i C2, inkludert Hangman-fraktur Tåredråpefraktur i nakken — fraktur i det anteroinferiore (fremre og nedre) aspektet av ein halsvirvel Grøftegravarfraktur — fraktur gjennom ein ryggtagg i ein ryggvirvel på høgd med nedre halsvirvel eller øvre brystvirvel Knusingsfraktur eller burstfraktur — fraktur i ryggvirvel som følgje av høg-energi aksialbelastning Kompresjonsfraktur — kollaps i ein ryggvirvel, ofte i form av kilefraktur som følgje av anterior (fremre) kompresjon Chance-fraktur — kompresjonsskade i den fremre delen av ryggvirvelen med samstundes distraksjonsskade i dei bakre delane Holdsworth-fraktur Ribbeinsbrot Sternumfraktur Skulderbrot Kragebeinsbrot Scapulafraktur — brot i skulderbladet Armbrot Humerusfraktur, humerusbrot eller overarmsbrot Suprakondylær humerusfraktur Humerusskaft-fraktur — fraktur i den distale tredjedelen av humerus som fører til klemming av spolebeinsnerva (radialis- eller radialnerva). Underarmsbrot eller underarmsfraktur Ulnafraktur eller ulnabrot Monteggia-fraktur — fraktur i den proksimale tredjedelen av albogebeinet (ulna) med dislosering av leddhovudet til spolebeinet (caput radii) Olecranon-fraktur — fraktur i albogespissen (olecranon) med anterior (framovergåande) dislosering av leddhovudet til spolebeinet Radiusfraktur Essex-Lopresti-fraktur — fraktur i leddhovudet til spolebeinet med samstundes dislosering av det distale radioulnarleddet med avbrot i bindevevsmembranen i underarmen Distal radiusfraktur Galeazzi-fraktur — fraktur i spolebeinet (radius) med dislosering av det distale radioulnarleddet Colles' fraktur — distal fraktur i spolebeinet med dorsal (posterior) forskyving av handleddet og handa Smiths fraktur — distal fraktur i spolebeinet med volar (ventral) forskyving av handleddet og handa Bartons fraktur — ein intraartikulær fraktur i distal spolebeinet med forskyving av radiokarpalleddet (øvre handledd) Handfraktur eller handbrot Skafoidfraktur eller båtbeinsbrot Rolandofraktur Bennetts fraktur Boxers fraktur Bekkenfraktur eller bekkenbrot Hoftebeinsbrot Duverney-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) Lårbeinsbrot Hoftebrot eller hoftefraktur — brot i lårbeinet; ikkje i hoftebeinet Patellafraktur eller kneskjellbrot Crusfraktur eller leggbrot Tibiafraktur eller skinnebeinsbrot Pilon fraktur Tibial platåfraktur Bumper-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — fraktur i det laterale tibialplatået som følgje av tvungen valgus i kneet Segond-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — avulsjonsfraktur i den laterale kondylen i skinnebeinet Gosselin-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — fraktur i plafond i skinnebeinet i fremre og bakre fragment Toddlers fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — ikkje-forskyvd spiralfraktur frå den distale tredjedelen til den distale halvdelen av skinnebeinet Fibulafraktur eller leggbeinsbrot Maisonneuve-fraktur — spiralfraktur i den proksimale tredjedelen av leggbeinet med revning i den distale tibiofibulare syndesmosen og bindevevsmembranen Le Fort-fraktur i ankelen — vertikal fraktur i den anteromediale delen av distale leggbein med avulsjon av det anteriore ligamentum tibiofibulare anterius Kombinert fraktur i skinnebeinet og leggbeinet Trimalleolær fraktur — involverar den ytre ankelknoken (malleolus lateralis), den indre ankelknoken (malleolus medialis) og det distale, posteriore aspektet av skinnebeinet Bimalleolær fraktur — involverar den ytre og indre ankelknoken Potts fraktur Fotbrot Lisfranc fraktur (oftast kalla Lisfranc skade) — der éin eller fleire metatarsalbein er forskyvd frå tarsus Jones-fraktur — fraktur i den proksimale enden av femte metatarsalbein Marsjfraktur — fraktur i den distale tredjedelen av ein av metatarsalbeina som skuldast residiverande stress (trøyttleiksbrot) Calcaneusfraktur eller hælbeinsbrot
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bone fracture» frå , den 11. desember 2014, men har norske kjelder.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Traumatologi Kategori:Knokkelbrot