On Every Street er det sjette og siste studioalbumet til det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut den 10. september 1991 av Vertigo Records internasjonalt og av Warner Bros. Records i USA. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike albumet Brothers in Arms og On Every Street nådde toppen av den britiske albumlista og selde til platinaplate i USA.

Historie On Every Street vart gjeven ut 10. september 1991 - over seks år etter det førre albumet deira - Brothers in Arms, og var det sjette og siste studioalbumet til Dire Straits. Det fekk middels kritikk og vart ikkje så populært eller suksessrikt som føregangaren, men selde likevel meir enn 10 millionar eksemplar verda over (seks millionar i Europa og ein million i USA). Det nådde 12. plassen på albumlista i USA og førsteplassen i Storbritannia. Albumet var produsert av Mark Knopfler og Dire Straits.

På denne tida bestod bandet av Knopfler, John Illsley, Alan Clark og Guy Fletcher, og med som studiomusikarar var mellom andre Paul Franklin, Phil Palmer, Danny Cummings og den amerikanske trommeslagaren Jeff Porcaro frå Toto.

Dire Straits marknadsførte albumet med ein langvarig verdsturne som varte til slutten av 1992. Bandet vart oppløyst i 1995 då Mark Knopfler starta ein solokarriere og gav ut debutalbumet sitt Golden Heart i 1996 (om ein ser bort frå tidlegare filmmusikkalbum), og har sidan gjeve ut mange soloalbum.

Albumet vart mastra på ny og gjeven ut i lag med resten av Dire Straits-katalogen i 1996 i det meste av verda, utanom i USA, der albumet først kom ut på ny i september 2000.

Innhald Alle songar skrivne av Mark Knopfler.

Bonusspor på avgrensa versjon

Medverkande Dire Straits Mark Knopfler – vokal, gitar John Illsley – bass Alan Clark – organ, piano, synthesizer Guy Fletcher – synthesizer, korvokal

Andre musikarar Danny Cummings – perkusjon Paul Franklin – pedal steelgitar, akustisk lapsteel (6) Vince Gill – gitar, korvokal (5) Manu Katché – perkusjon, trommer (1,7,11) George Martin – dirigent, strykearrangement (9) Phil Palmer – gitar Jeff Porcaro – trommer, perkusjon Chris White – fløyte, saksofon

Produksjon Mark Knopfler og Dire Straits – produsentar Chuck Ainlay – lydteknikar Bill Schnee – lydteknikar Steve Orchard – assisterande lydteknikar Jack Joseph Puig – assisterande lydteknikar Andy Strange – assisterande lydteknikar Neil Dorfsman – miksing Bob Clearmountain – miksing (7) Jo Motta – prosjektkoordinator Paul Williams – fotografi Sutton Cooper – design Paul Cummins – design

Singlar Det vart gjeve ut seks singlar frå On Every Street: «Calling Elvis» «Heavy Fuel» «On Every Street» «The Bug» «You and Your Friend» (utgjeve i Frankrike og Tyskland) «Ticket to Heaven» (utgjeve i Nederland)

Lister og salstrofé On Every Street låg inne på den britiske albumlista i 36 veker.Chart Stats

Album Liste (1991)PlasseringAustralian Album Chart1Austerrike1Frankrike1Italia1Noreg1Sverige1Sveitsisk1UK Album Chart1US Billboard 20012

Singlar ÅrSongHotAltAustraliaAusterrikeNederlandFrankrikeItaliaNoregSverigeSveitsUK1991 «Calling Elvis» 3 25 8 8 — 7 3 2 6 2 211991 «Heavy Fuel» 1 22 26 — — 32 22 — — — 551992 «On Every Street» — — — — — 23 — — — — 421992 «The Bug» 8 — — — — 44 — — — — 671992 «You and Your Friend» — — — — — 49 — — — — —1994 «Ticket to Heaven» — — — — 43 — — — — — —

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoBPI – UKSølv1. oktober 1991BPI – UKGull1. oktober 1991BPI – UKPlatina1. oktober 1991BPI – UK2X Platina1. oktober 1991RIAA – U.S.Gull13. november 1991RIAA – U.S.Platina13. november 1991SNEP – FrankrikeDiamant1991IFPI – TysklandGull1991IFPI – TysklandPlatina1991

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «On Every Street» frå , den 4. januar 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff On Every Street på Den offisielle heimesida til Mark Knopfler

Kategori:Dire Straits-album Kategori:Musikkalbum frå 1991 Kategori:Album produserte av Mark Knopfler Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Italia Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Sveits