mini|Persisk silkebrokade med paisleymotiv frå 1939. Paisleymotiv er eit dropeforma bildemotiv som stammar frå Persia og India. Det er mykje brukt på tekstilar frå Sør- og Sentral-Asia, og er gjennom dette blitt eit vanleg motiv i vestleg klesmote.

Mønsteret har namn etter byen Paisley i Skottland. Her blei det laga populære sjal med slikt mønster etter inspirasjon av sjal frå Kashmir. Mønsteret er også blitt kalla for Persian pickles ('persisk syltelauk') av amerikanske tradisjonalistar, særlig teppeprodusentar, Dallas, Sandra (1995): The Persian Pickle Club, St. Martin's Press, ISBN 0-312-13586-6. eller Welsh pears ('walisiske pære'») i walisiske tekstilar frå slutten av 1800-talet. «Quilting and Patchwork», Good Housekeeping, 1983, ISBN 0-85223-276-4.

Paisleymønsteret er kjend frå asiatiske teppe og sjal. Det blei eit vanleg motiv i vestleg mote frå 1700- og 1800-talet. Det skjedde som følgje av import av designet frå India, særleg i form av kasmirsjal. Dette blei deretter imitert av europeiske tekstilprodusentar i stader som Marseille og Paisley.

Kjelder

«Mønsteret som danker ut leopard» , KK (16. mars 2012) «De heteste mønsterplaggene» , KK (29. mars 2012) «Paisley» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 23. januar 2015.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mønster Kategori:Tekstilmønster Kategori:Paisley