Karen Anne Carpenter () var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.Rob Hoerburger, «RECORDINGS VIEW; Revisionist Thinking On the Carpenters", New York Times, Published: 3 November 1991, Retrieved: 23 July 2011
The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar.VH1, Behind the Music: Carpenters (1998). Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.Coleman, p.330.
Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.
Lovord 1975 – I den årlege lesarundersøkinga til magasinet Playboy vart Carpenter kåra til årets trommeslagar.
1999 – VH1 rangerte Carpenter på 29. plassen på lista si over dei 100 største kvinnene i rock and roll.
2008 – Rolling Stone rangerte Carpenter på 94. plass på lista si over dei 100 største songarane gjennom tidene.
Diskografi
Studioalbum Offering (seinare gjeve ut som Ticket to Ride) (1969) Close to You (1970) Carpenters (1971) A Song for You (1972) Now & Then (1973) Horizon (1975) A Kind of Hush (1976) Passage (1977) Christmas Portrait (1978) Made in America (1981) Voice of the Heart (1983) An Old-Fashioned Christmas (1984) Lovelines (1989) As Time Goes By (2003)
Soloalbum Karen Carpenter (1996)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karen Carpenter» frå , den 3. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Richard and Karen Carpenter - offisiell nettstad Make Your Own Kind of Music - fjernsynsserie sommaren 1971
Fanside: KarenCarpenter.com Fanside: LeadSister
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske kvinnelege trommeslagarar Kategori:USA-amerikanske popsongarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske softrockartistar Kategori:The Carpenters Kategori:Døde av anoreksi Kategori:Folk frå frå Downey i California Kategori:Musikarar frå Connecticut