«The Night Has a Thousand Eyes» er ein popsong skriven av Benjamin Weisman, Dorothy Wayne og Marilyn Garrett og først spelt inn av Bobby Vee. Han vart gjeven ut som singel seint i 1962, og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100, andreplassen på Easy Listening-lista, og niandeplassen på R&B-lista. Han nådde òg tredjeplassen på den britiske singellista i mars 1963 og var med på Liberty Records-albumet The Night Has a Thousand Eyes i 1963.The Night Has a Thousand Eyes SecondHandSongs Cover Song Hierarchy

I 1963 vart det gjeve ut ein versjon i Storbritannia av Jimmy Justice, og The Angels gav ut ein versjon på albumet My Boyfriend's Back. I 1973 spelte The Carpenters ein versjon, som finst på Now & Then. Songen vart i 1982 av spelt inn av glamrockband Mud på albumet Mud featuring Les Gray, og i 1988 spelte den danske jazzsaksofonisten Lars Møller inn ein versjon på albumet Copenhagen Groove. I 2005 spelte Gary Lewis and the Playboys songen for debutalbumet This Diamond Ring,This Diamond Ring at Discogs. Ein langsamare versjon av songen finst i filmen Dark City, sungen av Anita Kelsey.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Night Has a Thousand Eyes» frå , den 6. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Songar med musikk av Ben Weisman Kategori:Bobby Vee-songar Kategori:The Angels-songar Kategori:Gary Lewis & the Playboys-songar Kategori:Carpenters-songar Kategori:Mud-songar