Shluhot (hebraisk שִׁלוּחוֹת, tyder 'Greiner') er ein ortodoks kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han ligg kring 3 km sør for byen Beit She'an og høyrer til Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.
Historie Shluhot vart grunnlagd i 1948 av tidlegare medlemmar av Bnei Akiva sionistungdomsrørsle. I byrjinga vart det sett opp ein mellombels leir med ei gruppe frå ungdomsrørsla Hashomer Hatzair. Kort tid etter, når kvar gruppe fekk land til å byggje eigne kibbutzar, danna dei sekulære medlemmane ein kibbutz i nærleiken kalla Reshafim. Kibbutzen er ein av fire religiøse kibbutzar i området sør for Beit She'an frå Shluhot til foten av Gilboafjellet med Ein HaNatziv og Sde Eliyahu fram til Tirat Zvi ved Jordanelva.
Kibbutzen vart grunnlagd på landområdet til den avfolka palestinsk landsbyen Al-Ashrafiyya.Khalidi, 1992, s. 44Morris, 2004, s. xx, settlement #2
I dag har kibbutzen kring 350 innbyggjarar fordelt på 120 familiar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Shluhot» frå , den 14. februar 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kayitz Bakibbutz sommarleir Sheletron Microvue
Kategori:Kibbutzar Kategori:Den religiøse Kibbutzrørsla Kategori:Busetnader grunnlagde i 1948 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel