Karen Mjør () er ein norsk ungdomspolitikar og målkvinne frå Stord. Ho har i fleire år vore leiar i Sunnhordland Målungdom, som vart kåra til årets lokallag i Norsk Målungdom i 2013. Ho er også tidlegare nestleiar i Stord AUF. Mjør er engasjert i skuledebatt og lokalpolitikk, med fokus lokal kollektivtrafikk og målsaka. Ho er oppteken av å få meir bruk av nynorsk i nasjonale media. Ho ønsker betre sidemålsopplæring, men var positiv då Stord vidaregåande skule prøvde ut éin norskkarakter hausten 2013. Ho har gått på Stord vidaregåande skule og på Sund folkehøgskule. I nyare tid har ho vore aktiv i studentfrivilligheita i Trondheim, då blant anna gjennom Snaustrinda Spelemannslag og UKA. 10. mars 20 vart ho vald til ny leiar for Studentersamfundet i Trondheim. Ho tok over leiarvervet på det digitale festmøte 17. mai 2020.
Kjelder
Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Stord Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Norske ungdomspolitikarar