Hardanger Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i tettstaden Lofthus i Ullensvang herad i Hardanger i Hordaland fylke. Skulen har eit elevtal på om lag 90 elevar og er eigd av Hardanger Høgskulelag.

Skulen vart starta opp i 1869, og flytta til Hordatun på Lofthus i 1917. Skulen er oppattbygd etter ein brann i 1937, og har fornya seg mykje sidan den tid. I dag har skulen m.a. både gymsal, utandørs fotballbane og ridebane. Lokala vert brukt som vandrarheim utanfor skuleåret.

Skulen har desse linjene: 2dimensjonalt Friluftsliv Idrett med fordjuping i fotball Idrett og friluftsliv Jakt og fiske med fokus på storviltjakt Klær og design Solidaritetsarbeid Hest

Dei fleste linjene og mykje av aktiviteten på skulen er retta mot kultur og natur i Hardanger.

På tunet til Hardanger Folkehøgskule står det ein bauta av Jon Mannsåker, som lenge var styrar for folkehøgskulen.

Bakgrunnsstoff Hardanger Folkehøgskule sin nettstad. Artikkel om skulen i Hardanger Folkeblad.

Kategori:Skular i Ullensvang Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Skipingar i 1869 Kategori:1869 i Noreg