Kinneret (hebraisk כִּנֶּרֶת) er ein moshava på sørvestbreidda av Genesaretsjøen i Israel. Han ligg i nord for Jordandalen, 6 kilometer sør for Tiberias og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. Landsbyen ligg kring 185 under havnivå og hadde i 2010 eit folketal på 1 087.
Historie mini|venstre|Historisk bygning i Moshav Kinneret Kinneret vart grunnlagd i 1908 av Jewish Colonization Association og tok namnet sitt frå det gamle hebraiske namnet for Genesaretsjøen og frå ein bibelsk landsby ved Genesaretsjøen som låg lenger nord og høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:35). Dei første åra var han busett av lokale bønder frå kringliggande landsbyar, og etter nokre år unge pionerar. Dei første jødiske nybyggjarane budde i khanar i lokale arabiske landsbyar.Shafir, Gershon (1989 undated 1996) Land, Labour and the Origins of the israelske-palestinsk Conflict 1882-1914 University of California Press ISBN 0-520-20401-8 p 199 Beit Ha'almot vart grunnlagd i 1911 som ein jordbruksopplæringsgard for kvinner.
Etter det israelske sjølvstendet vart landsbyen ein lokal kommune med eit areal på 7 000 dekar. Men under ei lokal omorganisering i 2003 kom han under Emek HaYarden regionale kommune.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kinneret, Israel» frå , den 22. februar 2015.
Kategori:Landsbyar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1908 Kategori:Jødiske landsbyar i Det osmanske riket Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1908 i Det osmanske riket