Geshur (hebraisk גְּשׁוּר, tyder 'Brubygging') er ei israelsk busetjing, ein kibbutz, på ryggen i den sørlege Golanhøgdene.Who's left i Israel?: radical political alternatives for the future of Israel, s. 106, Dan Leon, Sussex Academic Press, 2004, ISBN 1-903900-56-5, ISBN 978-1-903900-56-7, henta 22. februar 2015Geografi and politics in Israel since 1967, s. 119, Elisja Efrat, Routledge, 1988, ISBN 0-7146-3303-8, ISBN 978-0-7146-3303-9, henta 22. februar 2015 Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.

Historie Bibeltida Kibbutzen er kalla opp etter eit mytisk kongedøme i Bibelen som kanskje kan ha eksistert i same området. I følgje Bibelen var Geshur eit sjølvstendig kongedøme på tida til kong David (Josva 13:13). David gifta seg med Maachah, ei dotter av Talmai, som var konge i Geshur. (2. Samuel 3:3, 1. Krønikebok 3:2) Sonen hennar Absalom flykta til heimlandet til mora etter halvbroren hans og den eldste sonen til David, Amnon, vart drepen. Absalom vart verande der i tre år før han fekk oppreising av David. (2. Samuel 13:37) Geshur klarte å halde på sjølvstendet sitt frå dei arameiske kongedøma fram til tida til kong Salomo.The history of ancient Palestina, s. 397-400, Gösta Werner Ahlström, Fortress Press, 1993, ISBN 0-8006-2770-9, ISBN 978-0-8006-2770-6, henta 22. februar 2015Ancient Damascus: a historical study of the Syrian city-state from earliest times until its fall to the Assyrians in 732 B.C., s. 88-89, Wayne Thomas Pitard, Eisenbrauns, 1987, ISBN 0-931464-29-3, henta 22. februar 2015

Moderne tid Geshur kibbutz vart grunnlagd i 1971 av Hashomer Hatzair, ei sosialist-sionistisk ungdomsrørsle.Haaretz, 22. mai 2008, henta 22. februar 2015 Administrativt ligg han under Golan regionale kommune. Geshur har eit folketal på kring 290.

Dei første vinrankane i Golanhøgdene vart planta i Geshur i 1976.Ben Joseph, Michael, «The Golan Heights wines are fuel for the soul,» Jerusalem Post, 25. oktober 2001, henta 22. februar 2015

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Geshur, Golan Heights» frå , den 22. februar 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Israelske busetjingar Kategori:Kibbutzar Kategori:Golan regionale kommune Kategori:Busetnader grunnlagde i 1971 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel