David Miner (), stundom kalla David Minor, er ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, kanskje mest kjend som medlem i Grace Slick sittband, The Great Society i 1960-åra. Han var med på å starte The Great Society i lag med Jerry, Darby, og Slick i tillegg til Bard Du Pont. Miner song det meste av solovokalen den første tida i bandet, og skreiv òg fleire songar, som «That's How It Is,» «You Can't Cry» og «Daydream Nightmare Love».
Miner slutta i Great Society i 1966 for El Paso i Texas og gjekk inn på University of Texas at El Paso som student. I El Paso gifta han seg med andre kona si, òg ein student, og dei fekk to barn i lag. Miner tok doktorgrad i samanliknande litteratur evd universitetet. Han vart lærar ved City University i New York i 8 år.
Sjølv om han aldri gjekk attende til å bli fulltidsmusikar spelte han i lokale band i New York City, som The Axles, Avatar og The New Race—all i 1980-åra.
Han lagar igjen musikk, no som Helion Magister.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Miner» frå , den 6. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Folk frå Fort Worth Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:Elevar ved University of Texas at El Paso Kategori:Elevar ved Binghamton University Kategori:Tilsette ved City University of New York