Andreja Grašič, gift Andreja Koblar, () er ein slovensk tidlegare skiskyttar fødd i Kranj i dåverande Jugoslavia. Ho var den fyrste utøvaren i skiskyting frå Slovenia som hevda seg mot verdseliten, ho vann eitt renn i verdscupen i kvar av sesongane 1996, 1997 og 1998. Ho er gift med Jernej Koblar, som deltok internasjonalt i alpine greiner.

Aktiv Grašič vart nummer seks på 7,5 km ved VM 1995 i Antholz og nummer fem på 15 km under Vinter-OL 1998 i Nagano. Mellom desse tevlingane vann ho tre tevlingar i verdscupen i skiskyting, alle på 15 km. Fyrste sigeren kom i Osrblie i Slovakia i 1996, deretter sigra ho på den komande OL-arenaen i Nagano i 1997, og til sist triumferte ho framfor svenske Magdalena Forsberg i Östersund.

År 1999 i Holmenkollen var Grašič ein av fire utøvarar som kjempa om VM-gullet på fellesstarten, men med fem strafferundar enda ho på fjerdeplassen, 2,1 sekundar bakom bronsevinnaren Magdalena Forsberg. Grašič vart sidan nummer sju på 15 km under VM i skiskyting 2001 i heimlege Pokljuka. Ho la opp i 2006.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Slovenske skiskyttarar Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1994 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1995 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005