Stephanie Lynn «Stevie» Nicks () er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som medlem av Fleetwood Mac og ein lang solokarriere, som i alt har produsert over førti topp 50-singlar og meir enn 140 millionar selde album. Ho vert kalla «Den regjerande dronninga av Rock and Roll» og ein av dei 100 beste songarane gjennom tidene av Rolling Stone, og som eit medlem av Fleetwood Mac vart ho innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998. Som soloartist har ho blitt nominert til Grammy-prisen åtte gonger og fem prisar med Fleetwood Mac.
Nicks kom med i Fleetwood Mac i 1975 i lag med kjærasten Lindsey Buckingham. Det andre albumet til Fleetwood Mac etter Nicks og Buckingham kom inn, Rumours, kom ut i 1977 og vart det bestseljande albumet det året, og eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene med omkring 40 millionar selde eksemplar verda over. Albumet er det sjette mest selde gjennom tidene og låg på toppen av den amerikanske albumlista i 31 veker. Det nådde òg toppen av albumlistene verda over. Album fekk Grammy-prisen for årets album i 1978 og gav fire htisinglar med Nicks sin «Dreams» som denf ørste og einaste førsteplassen på den amerikanske singellista.
Nicks byrja solokarrieren sin i 1981 med albumet Bella Donna, som selde til platinaplate mindre enn tre månader etter det kom ut, og har sidan seld til 4x platinaplate. Ho har gjeve ut i alt åtte studioalbum, og det nyaste, 24 Karat Gold: Songs from the Vault, kom ut i oktober 2014. Nicks er mest kjend for den særeigne stemma, den mystiske utsjånaden og dei symbolske tekstane.
Diskografi Studioalbum Bella Donna (1981) The Wild Heart (1983) Rock a Little (1985) The Other Side of the Mirror (1989) Street Angel (1994) Trouble in Shangri-La (2001) In Your Dreams (2011) 24 Karat Gold: Songs from the Vault (2014)
Fleetwood Mac Fleetwood Mac (1975) Rumours (1977) Tusk (1979) Mirage (1982) Tango in the Night (1987) Behind the Mask (1990) Say You Will (2003)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stevie Nicks» frå , den 11. mars 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Reprise Records
Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske dansemusikarar Kategori:USA-amerikanske rockesongarar Kategori:USA-amerikanske songar-låtskrivarar Kategori:Kvinnelege rockesongarar Kategori:Fleetwood Mac-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Musikarar frå Phoenix Kategori:Elevar ved San Jose State University