Rehaniya (adygisk Рихьаные; arabisk الريحانية; ) er ein hovudsakleg tsjerkessisk landsby kring 8 km nord for Safed nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.

Historie Tsjerkessarane kom til Midtausten etter at dei vart drivne bort frå heimlandet sitt i Nord-Kaukasus. Tsjerkessarane vart massakrerte og drivne ut av Tsar-Russland frå Kaukasus. Det osmanske riket tok i mot dei og busette dei i tynt folkesette området, inkludert Galilea i Beirut vilajet (Osmansk Syria).

Området dei slo seg ned i vart kalla Burak Alma.Palmer, 1881, s. 70

Landsbyen Rehaniya vart grunnlagd i 1873, men først i 1878 kom tsjerkessiske familiar frå Abazah-stamme nord i Kaukasus, eit område som i dag ligg i Adygia og Karatsjajevo-Tsjerkessia i Russland.

I folketeljinga i 1922 hadde Rihania 211 innbyggjarar, alle muslimar,Barron, 1923, Table XI, Sub-district of Safad, s. 41 og i 1931 var talet auka til 222, framleis alle muslimar, fordelt på 53 hus.Mills, 1932, s. 109 I 1945 var folketalet 290.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Quoted in Hadawi, 1970, s. 71 Alle innbyggjarane var då muslimar.United Nations Conciliation Commission for Palestine, Village Statistics, April 1945, s. 5

Landsbyen vart bygd i tradisjonell tsjerkessisk stil, som har røter i Kaukasus. Husa er bygd inntil kvarandre og dannar ein slags vernande mur kring byen. Det står ein moské i landsbyen, som skil seg mykje frå arabiske moskear.

I 1948, under Operasjon Hiram (29.-31. oktober), overgav landsbybuarane seg til den framrykkande israelske hæren og fekk lov å bli verande i landsbyen. I november 1949 var det planar om å kaste ut innbyggjarar, i tillegg til fem andre landsbyar langs grensa til Libanon. Forslaget hadde sterk støtte i Det israelske forsvaret, men vart avvist av Utanriksdepartementet, som var redd for korleis det internasjoanle samfunnet kom til å reagere.Morris, 1987, s.226 242,251. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Rehaniya er ein av to hovudsakleg tsjerkessiske landsbyar i Israel. Den andre er Kfar Kama, som fekk status som lokal kommune i 1950.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rehaniya» frå , den 16. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Velkomen til Rihaniya Tsjerkessarar i Israel

Kategori:Tsjerkessiske samfunn Kategori:Tsjerkessarar i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1878 Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel Kategori:1878 i Det osmanske riket