Harashim (hebraisk , tyder «Handverkarar») er ein fellesbusetnad i det nordlege distriktet i Israel. Han ligg i Galilea, nord for Karmiel, og høyrer til Misgav regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 196. Harashim er den våtaste folkesette staden i Israel.

Historie Landsbyen vart grunnlagd i 1980 og fekk namn frå ein gammal jødisk busetjing i området og fordi somme av innbyggjarane arbeidde som smedar.

Klima Harashim har eit varmt middelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering: Csa) med varme, tørre somrar, og kjølige, regnfulle vintrar. Nesten alt regnet kjem mellom oktober og mai og sommaren er vanlegvis heilt utan regn. Nedbøren kan av og til koma som snø om vinteren. Harashim er med ein årleg nedbør på 986 mm den våtaste folkesette staden i Israel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Harashim» frå , den 18. mars 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fellesbusetnader i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1980 Kategori:1980 i Israel Kategori:Busetnader i Det nordlege distriktet i Israel