Altair (Alfa Aquilae, Alfa Aql, α Aquilae, α Aql, Atair) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Ørna og den tolvte mest lyssterke stjerna på nattehimmelen. Ho ligg fortida i G-skya.http://interstellar.jpl.nasa.gov/interstellar/probe/introduction/neighborhood.html , Our Local Galactic Neighborhood, NASAhttp://www.centauri-dreams.org/?p=14203, Into the Interstellar Void, Centauri Dreams Altair er ei hovudseriestjerne klasse A med ein tilsynelatande storleiksklasse på 0,77 og er eit av toppunkta i Sommartriangelet (dei to andre toppunkta er markert av Deneb og Vega).Sommartreknanten i The Internet Encyclopedia of Science, David Darling. Henta 22. mars 2015.
Altair roterer raskt, med ein snøggleik kring ekvator på kring 286 km/s. Rotasjonsperioden er berre kring 9 timar. Til samanlikning bruker sola 25 dagar på ein full rotasjon. Ei undersøking med Palomar Testbed Interferometer avdekte at Altair ikkje er kulerund, men flattrykt på polane på grunn av den store rotasjonssnøggleiken.Altair's Oblateness and Rotation Velocity from Long-Baseline Interferometry, Gerard T. van Belle, David R. Ciardi, Robert R. Thompson, Rachel L. Akeson, and Elizabeth A. Lada, Astrophysical Journal 559 (1. oktober 2001), s. 1155–1164, , . Andre interferometriske undersøkingar med fleire teleskop innan infraraudt spektrum, har stadfesta dette fenomenet.Imaging the Surface of Altair, J. Monnier et al., Science 317, #5836 (July 20, 2007), s. 342–345, , , . Henta 22. mars 2015.
Altair|mini|left|230px
Altair ligg 16,7 lysår (5,13 parsec) frå jorda og er ei av dei næraste stjernene som er synlege med det nakne auga.p. 194, The Brightest Stars: Discovering The Universe Through The Sky's Most Brilliant Stars, Fred Schaaf, Hoboken, New Jersey: John Wiley & Sons, Inc., 2008, ISBN 978-0-471-70410-2. I lag med Beta Aquilae og Gamma Aquilae, dannar ho ei kjend linje av stjerner som stundom vert kalla Aquilafamilien eller Aquilaskaftet.s. 190, Schaaf 2008.
Satellittmålingar i 1999 med Wide Field Infrared Explorer synte at lysstyrken til Altair varierer svakt, mindre enn ein tusendel.Buzasi et al., Altair: The Brightest [delta] Scuti Star] Som følgje av dette vart ho i 2005 identifisert som ei Delta Scuti-variabelstjerne.Altair: The Brightest δ Scuti Star, D. L. Buzasi et al., The Astrophysical Journal 619, #2 (Februar 2005), s. 1072–1076, , .
Namn og kultur Namnet Altair har vore nytta sidan mellomalderen. Det er ei forkorting av det arabisk omgrept النسر الطائر, an-nasr aṭ-ṭā’ir (Den flyande ørna). Namnet Al Nesr Al Tair finst i katalogen til Al Achsasi Al Mouakket, som vart omset til latinsk som Vultur Volans. Dette namnet vart av arabarane nytta om ein asterisme av α, β og γ Aquilae og går truleg attende til den gamle babylonarane og sumerarane, som kalla α Aquilae ørnestjerna.s. 17–18, A Dictionary of Modern Star Names, Paul Kunitzsch and Tim Smart, Cambridge, Massachusetts: Sky Publishing, 2006, ISBN 978-1-931559-44-7. Skrivemåten Atair er òg blitt nytta.p. 59–60, Star-namns and Their Meanings, Richard Hinckley Allen, New York: G. E. Stechert, 1899. Astrolabium frå England og Vest-Europa avbilda Altair og Vega som fuglar.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Altair» frå , den 22. mars 2015.
Bakgrunnsstoff PIA04204: Altair, NASA. Bilete av Altair frå Palomar Testbed Interferometer. Altair på SolStation.
Kategori:Ørna Kategori:Hovudseriestjerner klasse A 4 Aquilae, 53 Aquilae, Alfa 187642 097649 7557 Kategori:Delta Scuti-variable Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Stjerner med eigennamn BD+08 4236 Kategori:G-skya Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda Kategori:Himmellekamar kjende sidan antikken